Hopp til innhold

Njål likar best å snakke norsk – men kan bli pressa over på engelsk

Kystverket vil påby at store skip og sjøtrafikksentralen kommuniserer på engelsk. – Då er det berre eit tidsspørsmål før vi får vår første ulykke, svarer Norsk Losforbund.

Njål Aarsheim i styrehuset på Sjøvær

CLEAR AND OBVIOUS: Njål Aarsheim meiner at det viktigaste er at kommunikasjonen er tydeleg.

Foto: Njål Aarsheim

– På Shetland snakkar vi engelsk. Når vi kjem til Noreg att, er det greitt å snakke norsk, seier Njål Aarsheim.

Han er styrmann på Sjøvær og driv i desse dagar linefiske eit godt stykkje nord for Noreg.

I dag kan han kalle opp den norske sjøtrafikksentralen på morsmålet. Og ei norsk stemme møter han.

Det kan det bli slutt på.

I februar blei det fastsett ei oppdatert forskrift for sjøtrafikken.

Men ei av oppdateringane har vore vanskeleg for departementet å lovfeste.

I forslaget frå Kystverket står det nemleg at all radiokommunikasjon mellom sjøtrafikksentralen og fartøy over 500 tonn (bruttotonnasje) må gå føre seg på engelsk.

For dei som bryt påbodet – og held fram på norsk – ventar eit «lovbrotsgebyr».

Altså ei bot for å snakke norsk.

Ei rekke fagorganisasjonar for sjøfarande protesterte heftig.

Eller om regjeringa skriv på sine nettsider: «I høyringa av forskrifta kom det fram delte syn på forslaget om å innføre et slikt krav»,

Kjølnes fyr i Berlevåg

ENGLISH, PLEASE: I dag kan han kalle opp den norske sjøtrafikksentralen på morsmålet. Og ei norsk stemme møter han. Det kan det bli slutt på.

Foto: Allan Klo / NRK

– Ein frykteleg dårleg ide

I dag seier paragraf 7 i Sjøtrafikkforskrifta at kommunikasjonen kan gå på norsk/skandinavisk eller engelsk.

– Vi synest det er ein frykteleg dårleg ide og vi håper at dei snur, seier Tor Are Vaskinn i Havfiskeflåtens organisasjon.

Han viser til at forslaget er unødvendig og at nordmenn kommuniserer aller best på sitt eige morsmål.

– Forslaget om å påby bruk av engelsk i kommunikasjonen mellom trafikksentralen (VTS) og seglande skip er fremma trass i alle faglege råd frå personell med førstehands kunnskap om norsk kystseilas, skriv Tor Are Vaskinn, avdelingsleiar i Fiskebåt i eit brev til Samferdselsdepartementet.

I 2018 kolliderte fregatten «Helge Ingstad» med «Sola TS».

I mylderet av alt som gjekk gale peika ein av navigasjonsoffiserane på at ikkje alle som lytta på vhf-kanalen forstod norsk.

Slepebåter dytter KNM Helge Ingstad inn til land

IKKJE ALLE FORSTOD NORSK: I 2018 kolliderte fregatten «Helge Ingstad» med «Sola TS». I mylderet av alt som gjekk gale peika ein av navigasjonsoffiserane på at ikkje alle som lytta på kanalen forstod norsk.

Foto: Kystverket

Fleire ikkje-norsk-språklege navigatørar

Kystverket meiner det er gode faglege grunnar til å få alle langs kysten over på same språk.

– Ved å bruke engelsk har alle som lyttar på kanalen moglegheit til å forstå det som vert sagt, seier Arve Dimmen, direktør for navigasjonsteknologi i Kystverket.

Han viser til at det blir fleire ikkje-norsk-språklege navigatørar langs norskekysten.

I dag er det losen i samarbeid med brubesetningen som avgjer om kommunikasjonen på sambandet skal gå føre seg på norsk eller engelsk. Sjøtrafikksentralen kontaktar kvart enkelt fartøy på det språket fartøyet ønsker.

Ifylgje Norsk Losforbund skjer over 85 prosent av kommunikasjonen i dag på norsk/skandinavisk.

– Dersom Kystverket innfører nytt språkkrav, er vi redd det berre er eit tidsspørsmål før vi får vår første ulykke, skriv dei i eit opprop.

– Samferdsledepartementet arbeider med saka

– Samferdsledepartementet arbeider med denne saka, og vi kan ikkje gje ein nærare dato for når ho er ferdigbehandla, seier samferdsleminister Knut Arild Hareide.

Han legg til:

– Etter dialogen vi har hatt med Kystverket og organisasjonane vurderer vi å gjere endringar som kan gje behov for ei ny høyring.

Ideen om å bli «påtvinga» engelsk er ikkje noko særleg, seier Njål Aarsheim.

– Det å ha valet å snakke på norsk bør vere mogleg.

Knut Arild Hareide (Krf)

AVVENTANDE: Samferdsleministeren seier at det er for tidleg å seie kva endringar som vil gjerast i forskrifta. Han utelukkar ikkje ei ny høyring om det er behov.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK