Men assistenttrenar Lars Ove Nistad er sjølvsagt aktuell som arvtakar etter Nord, seier leiar i Førde fotball, Rasmus Værn. - Vi har ikkje fått bestemt noko enno, for det har gått nokså fort i svingane den siste tida. Men det er klart at det er naturleg å snakke med Lars Ove Nistad om dette. Eg trur vi skal få ei god løysing til slutt, seier Værn.
Stig Nord går gratis
Han seier at Førde ikkje skal ha pengar frå Sogndal Fotball, sjølv om Nord er under kontrakt med Førde. Men overgangen betyr at dei to klubbane skal samarbeide tettare i tida framover.