Nippon vurderte Høyanger som ein av fleire stader der dei kunne starte produksjon av aluminiumsfilm med 30 arbeidsplassar. Men japanarane kravde at staden dei etablerte seg på kunne stille med 52 mål flatt industriareal, og det finst ikkje i Høyanger.
Skiftarbeid
Sjølv om Nippon trengde aluminium i produksjonen sin, var ikkje behovet så stort at det var det som trakk dei til Høyanger. Dei skulle satsa på skiftarbeid, og trengde eit samfunn med industrikultur. Difor blei Høyanger vurdert i lag med Odda, Grenland og Raufoss. Stader i Sverige, Kina på Island var òg aktuelle.
Fem mål
Kvar fabrikken hamnar, er enno ikkje bestemt. Men då Høyanger berre kunne tilby dei fem mål med flatt areal, var dei allereie ute av dansen.
For sjølv om Fundamus no går bra, treng Høyanger fleire industriarbeidsplassar for å kompensera for dei som har gått tapt. Men ordførar Longva har per i dag ingen andre namn på blokka.