Nils får støtte for å bli «ko-ko» av Isbilen – no vil kommunen sjå på saka på nytt

– Eg er overraska over kor mange som seier dei hatar Isbilen, seier Nils Bull. Etter NRK si sak vil Bergen kommune vurdera endringar.

Nils Bull

BLIR KO-KO: Nils Bull ønsker Isbilen velkommen, men utan lyd.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Tidlegare denne veka skapte NRK si sak om Nils som blir «ko-ko» av kjenningsmelodien til Isbilen stort engasjement.

Han høyrer nemleg melodien til Isbilen i sju timar kvar gong den sel is ved heimen hans ved Fanafjorden.

Bull fått støttande meldingar frå både fjern og nær etter saka vart publisert.

– Eg er overraska over kor mange som seier dei hatar Isbilen. Sjølv brukar eg ikkje det ordet, for det er veldig sterkt, men eg forstår at det ligg mykje kjensler hos folk.

Ei av dei som har sendt Bull melding etter å ha lese om Isbilen, er Merete Møller Korneliussen.

– Eg tenkte «Oi, han har same kjensla som meg». Du blir heilt oppgitt, og kan ikkje gjera noko med det. Det er noko som terroriserer deg.

Korneliussen sin hund Baloo (11) får panikk kvar gong isbilen køyrer innom ved hytta hennar i Frogn.

– Han hyperventilerer og siklar. Me får ikkje kontakt med han. Eg er redd det går utover helsa hans.

Merete Møller Korneliussen og hunden Baloo.

PANIKK: Merete Møller Korneliussen er bekymra for hunden Baloo som får panikk av lydane frå isbilen. Baloo er av rasen bolonka.

Foto: PRIVAT

Får ikkje panikk i Oslo

Korneliussen seier det ikkje er sjølve melodien som gjer hunden redd. Det er berre når Isbilen spelar den av.

Baloo og Korneliussen bur til vanleg i Oslo. Der speler Isbilen berre korte snuttar av melodien. Det gir ikkje Baloo panikk.

– Han skvett litt opp og ser seg litt rundt, men det er mykje rolegare no enn det var.

Politivedtektene i Oslo seier nemleg at det ikkje er lov til å påkalla merksemd ved bruk av lyd eller lys.

No kan det også bli endring i politivedtektene i Bergen.

Vil sjå nærare på saka

Bull har nemleg klaga inn Isbilen til Bergen kommune.

Kommunen svarte fyrst at Isbilen ikkje var godkjenningspliktig. Dei rekna ikkje at Isbilen var omfatta av paragraf 3 i politivedtektene. Paragrafen gjer det forbode å omsetja varer på offentleg stad utan løyve frå kommunen.

Det kan det no bli endring på, ifølge juridisk seksjonsleiar Veronika Lien Nilssen i Bymiljøetaten.

Deira foreløpige vurdering er at Isbilen si verksemd er omfatta av paragraf 3 andre ledd i forskrift om politivedtekt for Bergen kommune.

– Me vil sjå nærare på dette, og vurdere å be dei sende ein søknad etter politivedtekta, seier ho.

Veronika Lien Nilssen i Bymiljøetaten i Bergen

VIL VURDERE: Veronika Lien Nilssen i Bymiljøetaten seier at kommunen vil vurdere å endre politivedtektene som regulerer marknadsføring for lys og lyd.

Foto: Privat

– Det synest eg er veldig positivt. Dei har allereie ei vedtekt dei kan bruke, og det er veldig positivt om denne kan tre i kraft, seier Nils Bull.

Kan bli slutt på reklame med lyd

I tillegg til at Isbilen kanskje må søke om løyve, kan det også bli endringar i politivedtekta som regulerer marknadsføring med lys og lyd.

Vedtektene skal nemleg reviderast.

– I samband med det vil me vurdere å føreslå eit vedtak om bruk av lyd- og lysreklame, seier Lien Nilssen.

Ifølge Nilssen er det for tidleg å sei om Bymiljøetaten kjem til å føreslå eit slikt vedtak, og korleis det eventuelt vil lyda.

Nilssen fortel at ho ikkje kjenner til at kommunen har teke imot andre klager frå publikum retta mot isbilen.

Er det riktig å gjera endringar basert på berre éin klage?

– Me vil uansett berre føreslå eit vedtak dersom me kjem fram til at det er et reelt behov for det, seier Nilssen.

Nils Bull er glad kommunen skal sjå på saka.

– I ein by som Bergen er det på tide at ein ikkje kan marknadsføra med lyd, seier Nils Bull.

Isbilen

STERKE KJENSLER: Isbilen vekker sterke kjensler hos det norske folk.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Dette me har gjort i 25 år

Administrerande direktør i Den Norske Isbilen, Morten Kolseth, ønsker ikkje å ta stilling til endringane som kan koma.

– Me har gjort det same i 25 år og det har fungert greitt. Om det skjer endringar, så tar me stilling til det då, seier han.

Han trur kommunen vil vurdera saka grundig.

– Isbilen er innarbeida og har hatt vore godt kjent i den norske befolkninga i 25 år.

Kolseth fortel at isbilane har eit system som tar omsyn til klager dei får på lydnivået. Der blir sjåførane varsla om dei køyrer inn i eit område der dei skal senke lyden på musikken.

Morten Kolseth, adm. direktør Den Norske Isbilen

INNARBEIDA: Isbilen er innarbeida og har er godt kjent blant det norske folk, meiner Morten Kolseth.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK