Nikolai Astrup svært populær i Tyskland

På ei veke har over 3.300 løyst billett for å sjå Nikolai Astrup-utstillinga på kunsthuset i Emden i Tyskland. – Dette er veldig bra, seier arrangøren.

Gerhard Schröder og kona i Astrup-utstillinga i Emden.

Astrup-utstillinga i Emden i Tyskland er svært populær. Her ser vi tidlegare forbundskanslar Gerhard Schröder saman med kona i utstillinga i Kunsthalle Emden.

Foto: Kunsthalle Emden / Kunsthalle Emden

Langt fleire enn det arrangøren hadde forventa har besøkt Nikolai Astrup-utstillinga i Emden i Tyskland. Det heile vart opna 1. oktober av tidlegare forbundskanslar Gerhard Schröder med også ein minister til stades.

– Det to største kunstmagasina i Tyskland var til stades under opninga og har omtalt Astrup-utstillinga i positive ordelag. Dette er viktig og ein medverkande årsak til at besøket så langt har vore så bra, fortel Ilka Erdwiens, kommunikasjonssjef for Kunsthalle Emden.

Astrup-utstilling.

Over 3.300 tyskarar har sett Astrup-måleria den første veka av utstillinga i Emden.

Foto: Kunsthalle Emden / Kunsthalle Emden

Erdwiens fortel at målsetjinga for Astrup-utstillinga var minst 17.000 besøkjande, men at ein no truleg må oppjustere tala.

– Emden er ein liten by i Tyskland med 50.000 innbyggjarar og 3300 besøkjande den første veka er veldig bra for oss å vere. Utstillinga held høg kvalitet og publikum verkar fornøgde, fortel ho.

Trur du Astrup-utstillinga kan vere aktuell i eit større kunsthus i til dømes Berlin?

– Det kan ein ikkje sjå bort frå. Det blir spanande no framover å sjå om fleire ønskjer å stille ut Astrup.

Nikolai Astrup-utstilling i Tyskland.

Den kunstinteresserte Gerhard Schröder, tidlegare forbundskanslar i Tyskland, deltok under opninga av Astrup-utstillinga i Emden i Tyskland. Her er han saman med kona si.

Foto: Kunsthalle Emden / Kunsthalle Emden

Erdwiens vitja sjølv Jølster og Astruptunet i mai i år og er full av lovord om det ho såg.

– Astruptunet er ein fantastisk stad som ligg omgitt av fantastisk natur. Det var ei stor oppleving og gav mykje inspirasjon å vere der, seier ho.

Astrup

Astrupmåleriet Sankthansbål er eit av dei mest populære under utstillinga i Emden i Tyskland.

Foto: Lunsthalle Emden / Kunsthalle Emden

Erdwiens fortel at dei kvar morgon heisar det norske flagget ved kunsthalle Emden.

– Kunsthuset vårt er no som eit lite stykke Norge, seier ho.