Ni i karantene

Tre personar i Sunnfjord kommune og seks i Høyanger er i karantene etter smitteutbrotet i Vadheim, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland.

Tre personar er i isolasjon etter å ha fått påvist covid-19.

Sortland seier dei enno ikkje har full oversikt over smittespreiinga og startar massetesting.

– For oss er det veldig viktig å få spora opp så raskt som mogleg, seier han.

Kommunen har stengd Vadheim oppvekstsenter inntil vidare på grunn av smitteutbrotet. 50–60 elevar, føresette og lærarar skal no bli testa.

Petter Sortland (Ap)
Foto: Arne Stubhaug / NRK