– Det vil nok gå fem år før vi er tilbake der vi var, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim (Sp).
Berre oske og grunnmur stod att etter dei 42 bygningane som vart slukt av flammane januarnatta i 2014 i Lærdal. 17 av desse bustadhus. 71 personar mista heimane sine.
I dag snart 20 månadar seinare har dei bygd opp att ni av bustadhusa.
– Det har vore ei prioritert oppgåve å setje opp att bustadhus til dei som skulle flytte inn att i husa sine, så der har vi ni ferdigstilte hus og fire som er under bygging, seier Solheim.
Mykje bygging att
Kommunen var raske med å setje i gang arbeidet med å atterreise bygda, men det tek tid, forklarar ordføraren.
– Eit stort anleggsbygg brann ned, der er det ikkje begynt noko byggjeprosess og klubbhuset og skyttarhuset held dei på å sjekke prisar, så det er mykje byggjeaktivitet som står att i Lærdal etter brannen, seier Solheim.
– Rart å ta første spadetak
– Det har teke ganske lang tid ja, seier Leiv Thomas Faulkner.
Han eigde freda Sønneva Eris hus. Han har akkurat fått på plass planane til å kunne starta oppbygginga av eit tilnærma likt hus, og har bygginga ute på anbod no.
KLAR TIL Å BYGGE: Leiv Thomas Faulkner.
Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK– Det ser ut til at vi kan byrje no til hausten. Det er mykje papir og mange løyve som har gjort at det har teke lang tid. Mange folk har lyst å ha noko å seie, seier Faulkner.
Huset vert først og fremst ein fritidsbustad for 20 åringen – men han gler seg til å bygge opp att sin del av Lærdalsøyri.
– Det vert rart å ta det første spadetaket, det har teke tid å komme hit.
– Voldsomme arbeidsoppgåver
Det er ikkje berre husa som fekk seg ein knekk. For kommunen står det framleis att å få på plass ein del av infrastrukturen.
ORDFØRAR: Jan Geir Solheim.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK– Vatn og kloakk har vi teke, men vegar og lys ventar vi med til all byggeaktivitet er ferdig før vi asfalterer. Vi må hugse at dette er den største brannen i Norge på om lag 100 år, så det er voldsomme arbeidsoppgåver for veldig mange, seier ordføraren.