Hopp til innhold

Ni blir politimelde etter fest

Fleire naboar melde frå om festbråk på Wergeland i Bergen i går kveld. Ni personar i 20-åra var samla på ein fest. – Dei sat tett saman i ein sofa, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt. Alle festdeltakarane blir politimelde.