Hopp til innhold

NHO: – Frykta kan verte ein verre fiende enn viruset

Reiselivsnæringa fryktar at koronaviruset skal skremme bort dei utanlandske turistane. Administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, fryktar konkursras i næringa.

Turist på Flåmsbana

VIKTIG BESØK: Færre turistar frå Asia kan føre til store økonomiske tap for norsk reiselivsnæring.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Ho fortel at norske hotell, restaurantar og opplevingsbedrifter for tida registrerer færre bestillingar. Reiselivsdirektøren fryktar at folk skal gå lenger enn dei faglege råda frå Folkehelseinstituttet.

– Det vi no ser er at folk overdrive frykta, slik at frykta vert ein verre fiende enn sjølve sjukdommen, seier Krohn Devold til NRK.

Ber om momsreduksjon

Bøna hennar er at gjestene følgjer råda, som så langt ikkje rår folk frå å reise og ete ute i Noreg.

– I ein situasjon der eitt av tre hotell har raude tal, er det som no skjer svært alvorleg. Dette kan vere det som skubbar dei utfor stupet med tap av arbeidsplassar.

Ho håpar difor på eit moderat lønsoppgjer til våren, samstundes som ho også har ein klar beskjed til regjeringa:

– Mitt råd er at dei følgjer situasjonen nøye og vurderer momsreduksjon i perioden fram mot revidert nasjonalbudsjett.

Sigurd Kvikne

UROA: Hotelldirektør Sigurd Kvikne seier at det ikkje er aktuelt å stengje hotellet, men han fryktar konsekvensane av ein eventuell turistflukt.

Foto: Bård Siem / NRK

Hotelleigar: – Kjempeutfordring

– Vi har fått i fanget ei kjempeutfordring som vi absolutt ikkje set pris på, seier hotelldirektør Sigurd Kvikne.

Han driv eit av dei største og mest tradisjonsrike turisthotella på Vestlandet – Kviknes Hotel. Sidan 1800-talet har turistar frå heile verda valfarta til vesle Balestrand ved Sognefjorden.

No står hotelldirektøren framfor ei av dei største utfordringane i hotellet si historie: Koronaviruset. For når du ikkje veit kor mange gjester som kjem, er det ikkje enkelt å planlegge.

– Uvissa er så stor at vi har ei utfordring når vi no skal planlegge sommarsesongen, seier Kvikne.

Kristin Krohn Devold

FRYKTAR: Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv ber folk om ikkje å slutte å reise eller ete ute.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Veit ikkje kor mange han skal tilsetje

Berre hans hotel åleine skal tilsetje mellom 60 og 70 sesongmedarbeidarar.

– Heldigvis har vi ikkje tilsett nokon enno. Løn er den største utgiftsposten vår, så det er viktig at vi klarer å regulere den i tide. Om vi lukkast med det, betyr det at vi ikkje sit med for mange tilsette i sesongen viss trafikken sviktar, forklarar han.

Reiselivsnæringa i Noreg har hatt mange gode år, no fryktar hotelleigaren at årets sommar vert det motsette. I Kina har styresmaktene innført utreiseforbod. Mellom seks og sju prosent av turistane som kjem til Noreg i løpet av eit år er kinesarar.

– Heldigvis er ikkje Kina ein viktig marknad for oss, men viss uvissa spreier seg til den amerikanske og europeiske marknaden, så vert eg veldig uroa.

Håpar på fleire norske

Om den internasjonale reiseaktiviteten kollapsar, set han si lit til nordmennene.

– Uvissa vil nok føre til at fleire nordmenn reiser rundt i Noreg til sommaren. Eg håpar vi får fakta på bordet slik at folk ikkje vert skremde av unødig hysteri.

John Brekke

UROA: Direktør John Brekke ved Norsk bremuseum i Fjærland håpar besøk av Hurtigruta og ein ny film skal kompensere for eit eventuelt bortfall av koreanske turistar.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

– Det ser skummelt ut

Litt lenger inne i fjorden, i Fjærland, sit direktøren for Norsk bremuseum og bit negler. Av kring 80.000 årleg besøkande kjem kring 20.000 frå Sør-Korea. Dette er eit av dei landa som er hardast råka av koronaviruset.

Direktør John Brekke ved bremuseet seier til Sogn Avis at folk er redde for å hamna i ein karantenesituasjon.

– Vi ser at fleire og fleire vert smitta. Difor trur vi dette vil føre til ein god del avbestillingar. Det ser skummelt ut. Vi veit at når folk vert redde held dei seg heime. Og her kan dei også verte tvungne til å halde seg heime på grunn av smittefaren, seier Brekke til NRK.

Må lage nye budsjett

Også han håpar på at fleire nordmenn ferierer i eige land om dei frykta konsekvensane vert ein realitet. Ein ny film og besøk av Hurtigruta håpar han også kan kompensere mot ein eventuell nedgang i besøket frå Asia.

– Denne sesongen står og vippar litt, men vi har heldigvis ein god del å gå på. Vi må lage nokre nye budsjett og ta nye forholdsreglar for dei tilsette, seier Brekke.