Hopp til innhold

NHO varslar erstatningskrav etter tunnelbrann

Næringslivet er rådville etter stenginga av Gudvangatunnelen. – Det er som om det brenn, men ingen kjem og sløkkjer.

Stalheim hotell sliter etter brannen i Gudvangatunnelen

SLIT: Stalheim hotell slit etter brannen i Gudvangatunnelen.

Foto: Montasje: Flickr.com/photos/horning/Arne Veum / Scanpix/Flickr

Turistnæringa opplever eit rush av avbestillingar etter brannen i. Gudvangatunnelen

– Den første veka har vi gått glipp av 3500 passasjerar som skulle vore innom hotellet, seier direktør ved Stalheim hotell Ingrid Tønneberg til NRK.

Bjarte Tolaas i selskapet Encon som leverer matvarer til hotell og gatekjøkken i indre strok i Hordaland og Buskerud, opplever situasjonen fortvilande.

– Når du veit det brenn, så ventar du ikkje ein månad før du kjem og sløkkjer, seier han.

Tom Knudsen

NHO: Regiondirektør Tom Knudsen varslar erstatningskrav frå dei råka bedriftene.

Foto: Terje Løseth

Vil ikkje setje inn ferje

Tolaas siktar til regionsjef i Statens vegvesen Region Vest, Helge Eidsnes, som seier til avisa Hordaland at tunnelen truleg ikkje vil opne før om fire veker. Eit ferjesamband er ikkje aktuelt nett no.

Tom Knudsen, regiondirektør i NHO, er ikkje nøgd, og varslar erstatningssøksmål mot staten.

– Det er over 20 bedrifter som er råka. Dei omset for 300 millionar kroner, og sysselset over 300 tilsette, så det er ikkje små verksemder, seier Knudsen.

– Dette er ein stamveg, som er eigd av staten, og det må kunne forventast at den skal kunne vere open – iallfall ikkje vere stengt i ein månad. Kan hende det blir vanskeleg å få erstatning, men vi ser på dette no saman med NHO Reiseliv, og ingenting skal vere uprøvd.

Dobbelt så mange i sving

Bjarte Tolaas seier selskapet hans må ha dobbelt så mange sjåførar i sving som det som er vanleg.

– Det er ekstremt lange omvegar og ei veldig belastning for dei tilsette som skal gjere dette innanfor lova om køyre- og kviletid, seier han.

Ei levering som til vanleg tar sju timar, kan for tida ta over tretten timar, ifølgje grossisten.

LES: nbsp;Tunnelen kan bli stengt ein månad

LES: nbsp;Forstår ikkje at tunnelen er stengt

Bergens Tidende har snakka med fleire hotell i Indre Sogn. Ved Gudvangen Fjordhotell har ein allereie begynt å permittere folk.

Tom Knudsen seier dei siste vekene av ferien er avgjerande for mange bedrifter.

– Det er no ein skal tene pengane! Trafikken finn andre vegar, men våre verksemder kan ikkje flytte til der trafikken er.