NHO Reiseliv går mot sin eigen toppsjef

Vindkraftmotstandarane i NHO Reiseliv går no i rette med sin eigen toppsjef Ole Erik Almlid, som meiner at ein må tole naturinngrep for å få rein energi.

Wenche Salthella, NHO Reiseliv

NEI TIL UTBYGGING: Vindkraft bør ikkje plasserast i flotte og viktige reiselivsområde, seier regionansvarleg Wenche Salthella i NHO Reiseliv. Her under folkemøtet i Kalvåg i Bremanger torsdag kveld.

Foto: Steinar Lote

– Vi nyttar no moglegheita til å få fram kor viktig det er at ein ikkje plasserer vindkraft i flotte og viktige reiselivsområde, seier regionansvarleg Wenche Salthella i NHO Reiseliv.

Torsdag kveld heldt ho innlegg på eit stappfullt folkemøte i Bremanger, der utbygging av vindturbinar har vore eit stridstema i fleire år.

For tre år sidan fekk utbyggar konsesjon til ei storstilt utbygging, men etter kommunevalet i fjor har fleirtalet i kommunestyret snudd frå ja til nei.

– Vi meiner at vindkraft vil øydelegge mykje av det flotte grunnlaget for turisme og reiseliv som ein har i området her, seier Salthella.

Utsegnene står i skarp kontrast til NHO-sjef Ole Erik Almlid, som nyleg sa at ein må tole naturinngrep i Noreg for å løyse klimautfordringane.

Ole Erik Almlid

FORSVARAR INNGREP: Ein må tole naturinngrep for å få rein energi, meiner adm.dir. i NHO, Ole Erik Almlid

Foto: Terje Pedersen

– Vi kan ikkje stanse moglegheitene vi har til å skape gode jobbar og løyse klimautfordringa ved å seie nei til naturinngrep som vi treng. Det må vi tole, uttalte Almlid til NRK tidlegare i år.

Intern usemje

Det er første gong NHO Reiseliv uttalar seg så tydeleg mot utbygging i Bremanger. Wenche Salthella meiner det er fullt mogleg for motstandarar av prosjektet å halde fram kampen mot planane, trass i at utbyggar har fått konsesjon.

Bremangerlandet vindkraftverk

UTBYGGING I NATUROMRÅDE: Utbyggarane har planar om å bygge 18 vindturbinar, der kvar enkelt turbin er rundt 150 meter.

Illustrasjon: NVE

– Det har jo vist seg før at det er viktig å kjempe til siste slutt, og her er det tydelegvis viktig for lokalbefolkninga å gjere nettopp det. Så det synest eg er flott.

Ho understrekar at både NHO og NHO Reiseliv er for utbygging av vindkraft. Men der NHO Reiseliv meiner vindkraft må leggast til eigna område for industri, meiner toppsjefen at ein må tole nokre naturinngrep.

– NHO er overordna i NHO-systemet, medan vi har ei landsforeining som representerer reiselivsnæringa. Då blir det sjølvsagt litt ulike interesser innanfor NHO. Det betyr ikkje at ein eigentleg er usamd, men slik er det.

– De er jo usamde på kor desse vindmøllene skal plasserast?

– Ja, men eg trur heller ikkje Almlid ønsker at det skal kome vindkraft i flotte reislivsområder.

– Er dette eit spørsmål det har vore intern usemje om i NHO?

– Det er lov internt i NHO å ha ulike meiningar. I og med at vi har så mange ulike næringar vi skal vareta interessene til, så er det heilt naturleg – og sånn har det eigentleg alltid vore i NHO, seier Salthella.

Wenche Salthella, regionansvarleg NHO Reiseliv

MOT VINDKRAFT: Wenche Salthella i NHO Reiseliv meiner det er fullt mogleg for motstandarar av prosjektet å halde fram kampen mot utbyggingsplanane, trass i at utbyggar har fått konsesjon.

Foto: Steinar Lote

NHO-sjefen: Konsesjon bør respekterast

NHO-sjefen har fått lese gjennom utsegnene til regionansvarleg i NHO Reiseliv. I ein e-post til NRK skriv han at NHO er open for bygging av vindmøller i alle landsdelar, for å kutte klimautsleppa vesentleg.

Han skriv vidare at det må skje etter grundige konsesjonsprosessar.

– I kor stor grad meiner NHO det er riktig å stanse vindkraftprosjekt på land, der utbyggar allereie har fått konsesjon?

– Dersom konsesjonen er gitt på ein god måte gjennom ein grundig prosess, så bør alle respektere avgjersla, svarar Almlid.

Han vil ikkje meine noko konkret om vindkraftprosjektet i Bremanger.

– Nei, vi har ikkje teke stilling til desse konkret. Vi ønsker ein grundig konsesjonsprosess for å kunne velje gode prosjekt og lokasjonar. Det viktigaste er tilgangen til kraftnett og at naturinngrepa blir så små som mogleg.

Skuffa utbyggar

Utbyggarane reagerer sterkt på måten NHO Reiseliv uttaler seg i denne saka. Arnar Kvernevik, prosjektutviklar i SFE Produksjon/Vestavind, kallar det amatørmessig.

Arnar Kvernevik

AMATØRMESSIG: Arnar Kvernevik reagerer på at NHO Reiseliv går så tydeleg mot eit enkeltprosjekt, etter at konsesjon er gitt. Han representerer utbyggar SFE Produksjon/Vestavind.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– At NHO Reiseliv så markant markerer seg mot enkeltprosjekt som har fått konsesjon, det er for meg uforståeleg.

Han seier selskapet over mange år har investert store summar i prosjektet, og at dei er avhengig av føreseielegheit.

Kvernvevik er også skeptisk til påstanden om at vindturbinar automatisk råkar reiselivet.

– Erfaring syner at det er ikkje vindturbinar som gjer at folk skuggar bana. Det er det totale tilbodet til reisande som gjer om folk kjem på besøk eller ikkje.

– Eg skjønar at NHO Reiseliv vil snakke for si sjuke mor, men eg synest ikkje dei i stor nok grad tek inn over seg at også andre samfunnsinteresser har eit behov for å ta i bruk dei ressursane som finst i fjordar og langs kysten vår, seier Kvernevik.