Hopp til innhold

NHO-direktør spår større og fleire endringar

Bedrifter har lukka dørene for godt, og over 70 tilsette har mista levebrødet sitt denne veka. NHO-direktør Jan Atle Stang trur dette berre er startfasen på fleire og større endringar i næringslivet.

Jan Atle Stang i NHO

STORE ENDRINGAR I FRAMTIDA: Regiondirektør i NHO, Jan Atle Stang, meiner folk må bu seg på store endringar i framtida.

Foto: Pressefoto/Moment studio

– Ei justering som på mange måtar er venta, seier Stang.

Ei rekkje bedrifter har stengt dørene, lagt ned eller sagt opp tilsette dei siste dagane. Over 70 arbeidsplassar er tapt, og det kan bli fleire, meiner regiondirektør i NHO, Jan Atle Stang.

– Det er både trasig og krevjande. Ikkje minst for lokalsamfunna som har desse bedriftene, men eg trur ein må vere innstilt på at ting er i konstant endring. Vi er eigentleg berre i ein startfase av store endringar.

Færre sikre arbeidsplassar

I Førde legg Posten ned det siste postkontoret i Førde, medan Telenor legg ned sitt kundeservicesenter.

– Posten og Telenor var rekna som trygge arbeidsplassar, men sånn er det ikkje lenger. Alle må ta omsyn til at det vert konkurranse i marknaden, og ta omsyn til framtida. Sånn er det, og sånn vil det bli. Kanskje i sterkare grad framover, meiner Stang.

20 tilsette må gå i Solenergiselskapet Norsun, og 25 tilsette i Stryn står utan jobb etter at Vest Buss slo seg sjølv konkurs. Bring legg ned si avdeling i Kaupanger, og det er uvisst kva som skjer med dei tilsette.

– Ein del bransjar er vande med store svingingar i marknaden. I andre bransjar har ein ikkje vore like vand med dette, då kjem det meir som eit sjokk på dei tilsette, seier Stang.

– Det må større vilje til for å flytte på seg

Med fleire og større endringar i arbeidsmarknaden framover, vil det krevje meir av oss som tilsette, trur Stang. Han peikar spesielt på to punkt for å halde tritt med utviklinga.

– Det må større vilje til for å flytte på seg, og skifte bransje.

– Det blir sagt at det vert færre fast tilsette i alle bransjar. Dette er ikkje berre krevjande for dei tilsette, men for heile det norske systemet kring arbeidsforhold.

Med fleire nedturar samla på ei snau veke for næringslivet i fylket, har stemninga blant ulike bedrifter likevel vore grei.

– Det er ikkje noko begravelsesstemning rundt om. Det kan eg bekrefte, seier Stang.