NFF vil be om lov til å arrangere «testkampar» med 2500 tilskodarar

Når kulturministeren møter NFF til krisemøte om breiddefotballen, er det eit anna tema som også står på agendaen.

Publikum Lerkendal

PUBLIKUMSAUKE?: Opp mot 2500 tilskodarar kan truleg snart få komme på kamp på Lerkendal, dersom NFF får det som dei vil. RBK-leiar Tove Moe Dyrhaug stiller seg bak ideen.

Foto: Ole Martin Wold / Ole Martin Wold

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Det er to ting som ligg oss nærast i hjartet, nemleg breiddefotball og folk på tribunen, truleg vil begge delar verte diskutert i møtet med Raja, seier direktør for konkurranseavdelinga i NFF, Nils Fisketjønn.

Tidlegare i dag bekrefta kulturministeren at han ønskjer å møte fotballtoppane for å diskutere gjenopning av breiddefotballen, denne veka. Men NFF vedgår at dei er vel så opptatt av å diskutere eit anna tema, nemleg å auke publikumsgrensene for kampane i toppfotballen.

Som følgje av låge billettinntekter må fleire klubbar truleg belage seg på milliontap i salsinntekter. Samstundes har andre land i Europa, til dømes Danmark, med hell opna for fleire tilskodarar.

No gjer NFF og toppklubbane det dei kan for å få grønt lys frå myndigheitene, til å gjere det same.

Sendt brev til myndigheitene

Ifølgje Fisketjønn har dei allereie komme langt i planleggingsfasen. I første omgang er det snakk om tre til fire kampar med 2500 tilskodarar. Dei håpar å få teste det ut i midten av august.

– Me er komme langt i detaljane for korleis me vil gjennomføre dette både før, under og etter kamp. Klubbane som eventuelt vil bli spurt får me ta etter me eventuelt har fått løyve.

I samarbeid med NFF og fleire klubbar har også norsk Norsk Toppfotball involvert seg i denne debatten. Dei har sendt brev til myndigheitene med ønske om eit møte for å blant anna diskutere tilskodartala.

– Fleire land i Europa har komme opp mot 25 prosent kapasitet, utan at det er rapportert om auke i smitte, seier Thomas Torjusen i Norsk Toppfotball har trua på positiv respons.

Ifølgje Fisketjønn er det ikkje dette brevet som er svara på frå Raja, og at dei håpar på eit møte om tilskodartal med fleire representantar for toppfotballen til stades, seinare i juli.

Klubbane er positive

Ifølgje dagleg leiar i Sogndal Fotball, Rasmus Mo, er det lenge til Fosshaugane kan fyllast til randa igjen. Han meiner likevel at tida er moden for å opne opp for fleire tilskodarar.

– Erfaringar frå Danmark tilseier at det er fullt mogleg å opne opp 25 % kapasitet av stadion. For oss vil det seie 1300 menneskje. Eg er positiv til at dette kan komme til å skje, kanskje innan slutten av juli.

Endre Kupen

EINSAME I LAG: Sogndal-spiss Endre Kupen feira måndag sitt første mål på Fosshaugane Campus, saman med lagkameratar. Bak dei på tribunen er det tomt.

Foto: Christian Blom

Dagleg leiar Vibeke Johannessen i Brann er samd med Mo. Ho meiner det er på tide at noko skjer.

– Det hadde vore veldig enkelt å klare dette utan å bryte reglane som er sette. Dersom det er snakk om å teste det ut i nokre kampar, så er vi både positive og klare, seier ho.

Vibeke Johannessen, Brann

POSITIV: Dagleg leiar Vibeke Johannessen i Brann meiner det er fint mogleg å få langt fleire tilskodarar på kamp enn det som er tillate i dag, utan å bryte smittevernreglane.

Foto: SIMON SKJELVIK BRANDSETH / NRK

Også dagleg leiar Tove Moe Dyrhaug i Rosenborg er klar på at dei ønskjer å vere på tilbodssida, skulle NFF få grønt lys til å arrangere «testkampane».

– På Lerkendal har me plass til over 20 000, og me har 24 inngangar, så me er sjølvsagt positive til det. Vi driv jo i underhaldningsbransjen, seier ho.

Dagleg leiar i Vålerenga Eirik Espeseth seier også at klubben stiller seg positiv til å arrangere testkampar med fleire tilskodarar.

8N0aPZOiWzw

AVSTAND: Klanen stod plassert godt frå kvarandre under 2–2 kampen mot Aalesund, laurdag. Snart kan dei få selskap frå fleire.

Foto: Fredrik Hagen

Må truleg vente

For dei som håpar å komme på kamp, må truleg smørje seg med tolmod.

Kulturminister Abid Raja uttalte seg til NRK i dag i samband med møte han skal ha med NFF på Fredag. Då verka han kritisk til å endre på anbefalingane frå helsemyndigheitene. Blant dei er det anbefalt at alle arrangement skal ha ein takhøgd på 200 fram til 1. september.

– Det er viktig å hugse på at Helsedirektoratet saman med FHI har gitt ein samrøystes anbefaling om at vi ikkje skal opne for meir no. Vi må hugse på at dette er kloke folk, sa han.

Han seier vidare at direktoratet saman med FHI ska gjere ei ny vurdering om kva som vil skje i starten av august. Då vil regjeringa ta ein ny avgjerd basert på korleis koronasituasjonen utviklar seg.

Status Norge

Sist oppdatert: 11.08.2020
350
Siste uke
15
Innlagt
256
Døde