Hopp til innhold

Nettselskapa har millionar på konto – får ikkje betalt ut straumstøtta

Straumstøtta hopar seg opp på kontoane hjå nettselskapa. Enkelte kundar kan ha gått glipp av tusenvis av kroner i støtte.

Strømmaster og kraftledninger

Nettselskap rundt om i landet opplever at dei ikkje får betalt ut straumstøtta til kundane sine.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Ein kan trygt seia at det snakk om nokre millionar, seier Svein Ove Søreide, kommunikasjonssjef i BKK Nett.

Dei leverer straumnett til kring 190.000 privatkundar i Vestland.

Slik straumstøtta frå staten er organisert, er det nettselskapa som har ansvar for å betala ut støtta.

Men BKK har 5,8 millionar kroner på vent. Grunnen er at dei rett og slett ikkje har kontonummera til alle som skal få støtte.

– Det er faktisk 18.000 transaksjonar som står på vent hjå oss, seier Søreide.

Svein Ove Søreide, BKK

– BKK Nett har betalt ut over 1,5 milliardar kroner sidan støtteordninga kom i gang, fortel Svein Ove Søreide.

Gjeld tusenvis av kundar

Sjølv om fleire av transaksjonane er til dei same kundane, er det likevel fleire tusen kundar som ikkje har fått utbetalt støtte.

– Enkelte kan ha tusenvis av kroner til gode. Det kan godt henda at enkelte har gått glipp av fleire månader med straumstøtte.

Både Lnett i Rogaland, Agder Energi, Lede AS i Telemark og delar av Viken skildrar ein liknande situasjon.

– Det er 9526 kundar me ikkje har kontonummeret til. Det utgjer om lag 17500 transaksjonar, seier Ingvild Ween i Lnett. Beløpet dei sit på er like over 7,3 millionar kroner.

Lede har ein uteståande sum på 1,2 millionar som skal til i underkant av 3000 kundar, medan Agder Energi har 4 millionar til vel 3500 kundar.

Og grunnen er den same hjå dei alle:

Dei manglar kontonummera til kundane.

LEDE AS varsel om kontonummer

Skjermdump frå nettsidene til Lede.

Foto: Skjermdump

Trur folk trur dei blir forsøkt svindla

BKK har freista å få tak i kontonummera ved å senda SMS-ar og e-postar til kundane.

Likevel har dei altså ikkje kome i mål med å få tak i alle kontonummera.

– Enkelte trur kanskje det er svindelforsøk når me sender ut SMS, men det er altså heilt trygt. Ein loggar seg inn med BankID på BKK sine nettsider og legg inn kontonummeret der, seier Søreide.

Men folk betalar jo vanlegvis nettleige til dykk, kan de ikkje berre betala ut att på kontonummera som er brukt til å betala med?

– Me må vita kva konto folk vil ha utbetalinga på. I mange av desse tilfella har me heller ikkje tidlegare hatt innbetalingar frå kunden, seier Søreide.

Han forklarer at mange av sakene gjeld kundar som ikkje har fått fakturaar frå BKK tidlegare, men som dei no har byrja å senda fakturaar til.

Faktura frå BKK

Mange har opplevd å få fakturaar på 0 kroner. BKK oppmodar deg om å opna dei. Då får du sjå kor mykje straumstøtte du får att.

Foto: Skjermdump

Stadig fleire får to fakturaar

Kring 40 prosent av privatkundane til BKK får éin faktura frå straumselskapet og éin frå nettselskapet.

Tidlegare har det vore vanlegare med såkalla gjennomfakturering. Då får du nettleiga og straumen på same faktura.

Fleire straumselskap har gått bort frå denne ordninga, og derfor får mange no to fakturaar.

– For få månader sidan var det berre 20 prosent som fekk eigen faktura av oss, seier Søreide.

Mange av dei kundane som no blir fakturerte for første gong manglar BKK kontonummera til.

Eldre hardast råka

Det er òg situasjonen hjå dei andre nettselskapa.

Lede AS veit at dei i slutten av august «får» om lag 20.000 nye kundar som dei manglar kontonummera til. Desse har dei kontakta.

– Det er stor respons på dette frå kundane i desse dagar. Me ventar at mange av desse registrerer kontonummera sine innan tidspunkt for utbetaling, seier Thor Bjørn Omnes i Lede AS.

Omnes fortel at det i hovudsak er den eldre kundegruppa dei manglar kontonummera til.