Hopp til innhold

Blir oppsøkt av folk som ikkje har vore hos tannlegen på 30 år

FLORØ (NRK): Blir du nervøs før du skal til tannlegen? Neppe så nervøs som dei nær 1000 pasientane som blir behandla for ekstrem tannlegeskrekk i Noreg.

Pasient i tannlegestolen med angstbehandlarar rundt seg

TILBOD MOT FOBI: Såkalla tverrfaglege behandlarteam er oppretta i alle fylka i landet. I Florø består av tannhelsesekretær Marit Bjerck Værøy, psykolog Inger Bergman og tannlege Elisabeth Halsne.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

– Det var ei tann som vaks skeivt i munnen på meg, så tannlegen skulle trekkje ho. Eg svima av då dei skulle setje bedøvinga, seier Therese Sandnes Veiesund.

Ho var berre 12 år då ho opplevde den traumatiske hendinga hos tannlegen. Men ho hugsar det godt. Og det har sett spor. Sidan den gongen har ho ikkje gått til tannlege.

Heilt til smertene i munnen vart så sterke og langvarige at ho ikkje hadde noko val. Og Veiesund er ikkje unik. Ifølgje Helsedirektoratet måtte 950 nordmenn ha behandling for tannlegeskrekk i 2017.

Opplever at folk snur i døra til tannlegen

Då tannlegen til Veiesund forstod at ho trong hjelp til å takle skrekken sin, vart ho send vidare til eit såkalla tverrfagleg behandlarteam som jobbar med tilrettelagt tannhelsetilbod i Florø. Noreg har no totalt 34 slike team rundt omkring i landet. Alle fylka har eit tilbod.

Teamet i Florø består av psykolog, tannhelsesekretær og tannlege, og dei tek imot redde pasientar frå heile Sogn og Fjordane.

– Det er skilnad på redsle. Mange er redde for å gå til tannlegen, men klarer likevel å gjennomføre tannbehandlinga. Teamet vårt er for dei som har fobi og som snur i døra til tannlegen, seier tannlege Elisabeth Halsne.

Ho syner til forsking som viser at om lag fire prosent av befolkninga er råka av alvorleg tannlegeskrekk, odontofobi.

Utstyr på tannlegekontor

SKUMLE INSTRUMENT: For mange vil synet av instrumenta på eit tannlegekontor vekkje angst. Men det er hjelp å få.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

Menn gret av lykke etter behandling

Psykolog Irene Bergmann er oppteken av å behandle angsten steg for steg. Saman med pasientane øver ho på det som er vanskeleg i trygge omgjevnader.

Første steget kan vere å gå inn på eit tannlegekontor. Eit anna steg kan vere å kikke på ei sprøyte. Psykologen meiner det er mykje skam knytt til tannlegeskrekk.

– Vi har opplevd menn som ikkje har vore hos tannlegen på 30 år. Så kjem dei her og får behandling – og gret av lykke etterpå. Det er forsterkande for oss som jobbar med dette. Vi ser at vi ganske hurtig kan hjelpe folk til eit betre liv. Det er ei veldig effektiv behandling, seier Bergmann.

Helsedirektoratet har i år betalt 65 millionar kroner i tilskot til slike tilbod i fylka. Det er ein auke på 27 millionar frå året før – og dei ventar ei utviding av tilbodet i 2019.

– Det skjedde magiske ting

Therese Sandnes Veiesund er full av lovord om behandlinga ho fekk. Men ho vedgår at ho var skeptisk til å byrje med.

– Eg såg ikkje heilt for meg at ved å snakke med ein psykolog, så skulle liksom angsten for sprøyter berre forsvinne. Men magiske ting har skjedd, seier ho.

Alle fylka i landet har no tannbehandlarteam som fiksar tennene så snart pasientane er i stand til å meistre det, etter at dei har vore til behandling i dei tverrfaglege teama.