Hopp til innhold

Denne kommunen har ikkje tilsett eigen jurist: – Ikkje mogeleg med 3700 innbyggjarar

45 prosent av norske kommunar har ikkje tilsett eigen jurist i kommuneadministrasjonen, viser ei ny undersøking. Bremanger meiner dei ikkje kan forsvare å ha ei heil stilling som jurist.

Svelgen

3700 INNBYGGJARAR: Ifølgje ordføraren er Bremanger ein for liten kommune til å tilsette ein jurist.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– I 2021 treng kommunar i Noreg juristar, for eksempel i barnevernstenesta. Det handlar om rettstryggleiken til innbyggjarane, seier Bendicte Gram-Knutsen, seksjonsleiar i Juristforbundet kommune.

Dei har gjort ei undersøking over kor mange av kommunane i Noreg som har tilsett eigen jurist.

254 kommunar har svart på undersøkinga. 114 av desse har svart at dei ikkje har tilsett jurist. Det svarar til 45 prosent av kommunane.

Særleg kommunar i Nordland og Troms og Finnmark, der majoriteten er små kommunar, har ikkje tilsett juristar.

– Søkjer råd når me treng det

Økonomien er hovudgrunnen til at fleire kommunar vel å gå utan. Ein av dei kommunane er Bremanger i Vestland.

– Me søkjer råd når me treng det, og det er ikkje ofte nok til at me kan forsvare ei heil stilling som jurist, seier ordførar Anne Kristin Førde.

Førde seier dei har eit «føre var-prinsipp», og at dei kvalitetssikrar når dei er usikre.

– Me er ikkje i stand til å ha juristar som kan gi råd oss i alle fag. I ein kommune med 3700 innbyggjarar er ikkje det mogleg, seier Førde.

Ho seier at kommunen hentar inn naudsynt kompetanse ved behov.

Anne Kristin Førde, ordførar i bremanger

INGA FAST STILLING: Ordførar i Bremanger, Anne Kristin Førde, er ein av mange kommunar som hyrar inn ekspertise ved behov.

Foto: Bård Siem / NRK

Auka behov, men få tilsettingar

2 av 3 av kommunane utan tilsette juristar meiner at behovet for juridisk kompetansen har auka.

Trass i dette, er det berre 3 prosent som planlegg å tilsette eigen jurist.

Dei fleste kommunane utan jurist, nærare sagt 95 prosent, gjer som Bremanger og brukar ekstern bistand ved behov.

Det held ikkje, ifølgje Juristforbundet.

– I løpet av dei siste 50 åra har talet på lover og forskrifter som kommunar skal setta seg inn i, dobla seg. At ein tenker at ein kan klare seg utan juristar i dagens kommune, er hårreisande, seier Gram-Knutsen.

Benedicte Gram-Knutsen, Juristforbundet.

SJOKKERT: Seksjonsleiar i Juristforbundet, Benedicte Gram-Knutsen, meiner det er hårreisande at så få kommunar har eigen jurist.

Foto: Juristforbundet

Både rådmann og assistent er jurist

Seksjonsleiaren i Juristforbundet meiner behovet for juristar er stort når det gjeld helse og sosial, skule og utdanning, personvern og barnevern.

Ein kommune som har vore i hardt vêr rundt barnevernstenesta si, er Samnanger i Vestland.

Her er både rådmannen og ein av assistentane hans juristar.

– Me har brukt dei aktivt, og dei har utgjort ein forskjell i dei sakene, seier ordførar i Samnanger, Knut Harald Frøland.

Han meiner kommunen er godt skodd for lovtolkingar og juridisk arbeid.

Ordfører Knut Harald Frøland i Samnanger kommune

JURIST I LEIINGA: Ordførar i Samnanger, Knut Harald Frøland, har to juristar i leiinga i kommunen.

Foto: Ida Yasin Andersen

Det at kommunetoppane er juristar, løyser ikkje problemet, meiner Juristforeininga.

– Ein rådmann vil aldri kunne kvalitetssjekke det som skjer langt nede i organisasjonen, seier Gram-Knutsen.

Ifølgje Frøland, er ikkje dette eit problem. Dessutan meiner han ein ikkje alltid kan stole på jusen.

– Jusen er ikkje hogd i stein, og har ikkje svar på alle spørsmål som kan oppstå i politikken, eller i livet generelt, seier Frøland.