Hopp til innhold

Nesten halvparten av alle kontrollerte motorsyklar bråkar ulovleg høgt

Ein av åtte motorsyklar bråkar så mykje at dei får bruksforbod etter ein kontroll. Men mange 16- og 17-åringar vil gjerne at det skal støya litt.

Henrik (16) installerer db-killeren i motorsykkelen sin

DB-KILLER: Henrik (16) set inn igjen decibel-killeren i eksospotta att. Støyande motorsyklar køyrer ofte utan denne delen i eksospotta.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

– Det er jo ikkje ein skikkeleg motorsykkel utan god lyd, seier 16 år gamle Henrik.

Han tok lappen på lett motorsykkel i sommar. Både hjelmen og hanskane hans matchar stylinga på den oransje og svarte 125-kubikkaren.

Henrik har og kjøpt ei ny eksospotte til sykkelen. Black Widow-potta kjempar om kapp med dei uoriginale under-bar-speglane om å skinna mest.

Men når Henrik startar motorsykkelen, er det vanskeleg å leggja merke til særleg mykje anna enn den øyredøyvande motorlyden.

– Lyd er gøy, ropar Henrik.

– Men det bråkar meir enn det går, vedgår 16-åringen.

Henrik (16) med motorsykkelen sin

DETALJAR: Henrik har blant anna bytta skiltoppheng, eksospotte og speglar på motorsykkelen sin.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Fjernar lyddemparen i eksosen

Mange av dei uoriginale eksosanlegga er lovlege. Men det er vanleg å fjerna eit lite metallrøyr i eksosen. Då bråkar motorsyklane meir. Desse røyra blir gjerne kalla ein dB-killer.

Dei siste åra har andelen motorsyklar som støyar for mykje auka kraftig.

46 prosent av dei motorsyklane Vegvesenet har kontrollert i år, har vore ulovleg høglydte. I 2017 var talet 30 prosent.

Ein av åtte motorsyklar som har blitt kontrollerte i år, har fått bruksforbod på staden. Det er fem gongar oftare enn i 2017.

Talet kontrollerte motorsyklar som støyar for mykje

2017

2018

2019

2020

Så langt i 2021

Kontrollerte motorsyklar

1057

1169

1355

1841

725

Antal mangel støy

314

308

483

742

336

Antal bruksforbud pga støy

25

20

70

164

93

– Loud pipes save lives

Henrik pleier som oftast å køyra med dB-killeren i potta.

– I tilfelle det er kontroll, er det greitt å ha den i.

Men det er ikkje berre fordi det er tøff lyd, at folk køyrer utan, ifølgje Henrik.

– Loud pipes save lives. Det er tryggare å køyra med mykje lyd. Ein blir høyrt mykje betre i trafikken.

At høglydte eksospotter kan vera irriterande, forstår Henrik.

– Men samtidig, me er seksten år. Alle kjenner seg litt udødelege. Me må få lov til å ha det litt gøy i ungdomstida.

– Spørsmålet er litt kva me skal ta mest omsyn til; det me sjølv vil, eller det andre vil, seier Henrik.

Henrik (16) saman med fleire vener som køyrer lettmotorsykkel

MANGE: Henrik anslår at kring 70 prosent av dei han kjenner, har bytta eksospotte på motorsykkelen sin.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

– Trekker ned livskvaliteten

Ein av dei som veldig gjerne skulle ønskja han blei teke meir omsyn til, er Reidar Kaarbø. Han bur like ved ein godt trafikkert fylkesveg på Askøy. Han har merka at det har blitt fleire som støyar dei siste åra.

– I år har det verkeleg vore plagsamt. Huset ristar omtrent på det verste, seier Kaarbø.

Han har ein stor uteplass med basseng som vender ned mot vegen. Fleire gongar har han måtta gå inn fordi det har bråka så mykje.

– Tider på døgnet der ein gjerne har lyst til å slappa av og høyra på fuglesong blir øydelagde berre fordi ein gjeng ungdomar synest det er kjekt å køyra rundt på tilnærma fri eksos. Det er så unødvendig.

– Støyen bidrar nær sagt til å trekkja ned livskvaliteten til alle som bur langs vegen, seier Kaarbø.

Reidar Kaarbø i hagen

HAGEN: Reidar Kaarbø har stor uteplass og basseng i hagen. Støyande motorsyklar på vegen nedanfor gjer at han ikkje får brukt hagen så mykje som han ynskjer.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Eksplosjon i talet på bråkebøtter

– Det har vore ein eksplosjon. Det er eit problem i samfunnet i dag med støyande motorsyklar til alle døgnets tider, seier Birger Lønne.

Han er inspektør i Statens vegvesen, og er jamleg ute på kontrollar på vegane i bergensområdet.

Lønne har høyrt dei fleste unnskyldningane før. Også at «loud pipes save lives».

– Ein slik haldning kan ein ikkje belaga seg på. Har ein eit køyretøy må ein halde seg til det lovverket seier.

Birger Lønne og Bjarne Otterlei kontrollerer ein elektrisk moped

KONTROLL: Birger Lønne og Bjarne Otterlei kontrollerer ein elektrisk moped sin toppfart. Berre tre tohjulingar blei kontrollerte då dei stilte seg opp utanfor Laksevåg vidaregåande tidlegare i september. Ingen av dei tre bråka for mykje.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK