Hopp til innhold

Nervøs laksenæring: – Slaktar fisk vi ikkje tener noko særleg på

EIKEFJORD (NRK): Stengde restaurantar og hotell i Europa skapar uvisse i laksenæringa. Prisane fell og konkurransen blir hardare.

Erlend Vassbotten i dagleg leiar i oppdrettsselskapet Steinvik Fiskefarm i Eikefjord i Kinn kommune.

HÅPAR PÅ NORMALISERING: – Vi har trua på at ting skal kome tilbake til normalen, seier dagleg leiar Erlend Vassbotten i Steinvik Fiskefarm i Eikefjord.

Foto: Sunniva Hestenes / NRK

Det er den verdsomspennande koronakrisa som får skulda. Lågare pris på laks og høgare produksjonskostnadar gir fleire selskap eit «blytungt» kvartal, ifølge iLaks.

– Vi slaktar fisk vi ikkje tener noko særleg på, seier dagleg leiar Erlend Vassbotten i Steinvik Fiskefarm i Eikefjord i Kinn kommune.

Han fortel at lakseprisane normalt er lågare om hausten, men at dei akkurat denne hausten dels faktisk har lagt under kostpris.

– Når mange hotell, restaurantar og cateringselskap er stengt ned, blir etterspurnaden mindre. Dermed har prisen falle.

Nervøs marknad

Ceselia H. Rokne i laksebørs-selskapet Fish Pool omtalar marknaden som ganske «nervøs».

Ifølge Rokne er Noreg vorte meir avhengig av den europeiske marknaden, der 35 prosent av konsumet er innan hotell og restaurant.

Ettersom smittetrykket held fram med å auke i mange europeiske land, aukar sjansen for større nedstenging av samfunnet.

– Når restriksjonane i Europa påverkar dette segmentet direkte, må laksen flyttast til nye kanalar som supermarknader. Denne overgangen kan ta litt tid, og i supermarknadene konkurrer også laks med andre fiskeartar i ferskvaredisken, forklarar ho.

Noregs sjømatråd opplyser til NRK at det er fleire som no et laksemiddagen heime. Det sokalla heimekonsumet har auka med kring 20 prosent i Europa, mellom anna på grunn av lågare pris for forbrukaren.

Ceselia Høyvik Rokne

MEKLAR: Ceselia Høyvik Rokne i Fish Pool.

Foto: Adnan Icagic

– Vi bør tole det

Dei siste vekene har lakseprisen lagt litt under 50 kroner kiloen.

Fram mot hausten er det god tilvekst i sjøen og mange oppdrettarar må difor slakte fordi dei når produksjonstaket. Men no får dei lågare pris for varene.

Fish Pool har sidan mars opplevd ein auke i oppdrettarar som ønskjer å låse prisen.

Dagleg leiar Elin Tveit Sveen i Mårø Havbruk på Svanøy seier det har vore gode lakseprisar i mange år, og meiner næringa difor bør ha ryggrad til å tole ein dårleg periode no.

– Men kor lenge næringa toler det, vil variere frå selskap til selskap, seier Sveen.

Elin Tveit Sveen

LÅGARE PRIS: Dagleg leiar Elin Tveit Sveen ved Mårø Havbruk på Svanøy seier dei denne veka har 15–16 kroner mindre for kiloen av fiskestorleiken dei har mest av, enn på same tid i fjor.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Et mindre ute, meir heime

Steinvik Fiskefarm hadde eit overskot på 80 millionar kroner i 2019. Erlend Vassbotten veit det er viktig med kapital i bakhand for å tole nedturar.

– Vi toler det no. Men er prisen låg over lengre tid, så tærer det. Ingen vil overleve lange periodar utan å tene pengar, seier han.

Han håpar situasjonen etter kvart vil normalisere seg og håpar på eit «julerush» der prisen går litt opp.

Noregs sjømatråd viser til at auka etterspurnad gav ein sterk prisvekst fram mot jul i fjor.

– Eg forventar at veksten i heimekonsum vil fortsette no som fleire land i større grad stenger ned, seier sjømatanalytikar Paul T. Aandahl.