Hopp til innhold

Reiarlag nektar ungdomar å bestille billett – må stå att på kaia

MÅLØY/SOLUND (NRK): Ungdom kjem ikkje med båten fordi dei ikkje får førehandsbestille plass slik som dei vaksne.

Ungdomar blir ståande att på kaia

OPPGITT: Isabell Ytrøy og Rasmus Sørenstam må bli stå igjen på kaia fordi ekspressbåten er full. Dei blir nekta å førehandsbestille.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Skuleelevar står att på kaia medan rutebåten køyrer frå dei. For medan andre kan sikre seg billett på førehand, får ikkje reisande med ungdomskort lov.

– Vi òg treng å vere med båten, og burde ha like stor rett til å reservere plass, seier Isabell Ytrøy.

Ytrøy bur i øykommunen Solund og vekependlar til hybelen ved Måløy vidaregåande skule. Reisa i helgane tek tre timar kvar veg med ekspressbåten Bergen-Nordfjord.

Må vente til neste dag

Særleg søndagar kan båten vere full. Medelev Rasmus Sørenstam, også frå Solund, har fleire gonger sett båten køyre frå dei.

– Då må vi berre ta bussen heim att, og vente til neste dag med å reise på skule. Vi går glipp av nesten ein heil skuledag måndagane fordi vi då fyrst er framme klokka 13.

Isabell Ytrøy har sendt e-post til Norled om problemet.

– Eg har ikkje eingong fått svar frå dei.

Meiner folk reserverer utan å møte opp

Ungdomskortordninga er eit tilbod for dei mellom 16 og 19 år. For 375 kroner i månaden kan ungdom reise uavgrensa kollektivt, fylkeskommunane betalar transportselskapa mellomlegget frå vanleg billett.

Regionsjef for hurtigbåt i Norled, Bjørn Egil Søndenå, beklagar at dei ikkje har svart på e-post.

Norled meiner reisande med ungdomskort ikkje kan førehandstinge gratis fordi folk kan droppe å møte opp på reisa.

– Då risikerer vi å køyre båt med mange tomme seter, og gjerne til irritasjon for andre som ikkje får plass, seier Søndenå.

– Norled opptrer uakseptabelt

Saka er blitt tema i hovudutval for samferdsle og mobilitet i Vestland fylke. Gruppeleiar for KrF, Trude Brosvik, seier fylket vil ha problemstillinga på bordet.

– Eg synest Norled opptrer uakseptabelt.

Brosvik likar dårleg grunngjevinga til Norled, mykje av meininga med månadskort er at hybelbuarar skal få reise heim.

– Ungdommane må få vise kva dei er gode for, eg opplev at fylket ikkje får det dei betalar for når ungdomar vert avvist, seier Brosvik.

Trude Brosvik i samferdsleutvalet

TAR OPP SAKA: Trude Brosvik, gruppeleiar Vestland KrF, tok opp saka i går.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Solund-ordførar Gunn Åmdal Mongstad frå Sp er provosert.

– Dette bør fylket og Norled finne ei løysing på, krev Mongstad

Vanskeleg med spesialordningar

Norled føreslår på si side at ungdomane heller pungar ut for ein vanleg billett.

– Det er veldig vanskeleg å lage spesialordningar i eit automatisk bookingsystem. Dei som må heim kan kjøpe vanleg billett på førehand på nett, seier Bjørn Egil Søndenå.

Komande søndag kostar ein billett frå Solund til Måløy 530 kroner. Elevane meiner det er mykje pengar når ein alt har kjøpt ungdomskortet.

– Norled bør ha tillit til at vi faktisk kan reservere på førehand, seier Isabell Ytrøy.

Ekspressbåtane Vingtor og Njord

EKSPRESSBÅTAR: Ekspressbåtane frå Norled er livsnerve langs kysten av Vestland.

Foto: Norled