Transportbransjen vil ikkje godta forbod mot høge lastebilar

Transportbransjen vil ikkje godta eit forbod mot lastebilar som er høgare enn 4,2 meter. Dei jobbar framleis for å få Samferdsledepartementet til å snu.

Video Vil forby høge vogntog

FORBOD: Vegdirektoratet vil forby høge vogntog. Sjå tv-saka frå september i fjor.

Fleire ulukker med høge køyrety har gjort til at vegstyresmaktene ønskjer å innføre forbod mot dei høgaste lastebilane.

Sjølv om det vil koste 154 millionar kroner årleg vil Vegdirektoratet at det skal bli forbode å køyre vogntog som er høgare enn 4,2 meter i Norge.

Olav Slaatsveen i Norges Lastebileigarforbund seier bransjen ikkje vil godta dette og at dei framleis prøver å nå fram med sine krav. Måndag denne veka var dei i møte med departementet.

– Vi la fram våre argument for at vi skal behalde dette slik det er i dag, altså at det ikkje er noko grense på kor høge lastebilane kan vere, seier Slaatsveen til NRK.no.

Omstridd forslag

Slik det er i dag er det altså ikkje noko grense på kor høge vogntog kan vere. Men av omsyn til tryggleiken på vegane vil Vegdirektoratet gjere noko med det.

I 2009 føreslo dei å forby lastebilar over fire meter i Norge. Forslaget fekk krass kritikk frå transportnæringa og varehandelen som mellom anna påpeika at det er den vanlege forbrukar som kjem til å måtte ta rekninga.

Matvarekjeda Coop vart blant dei som protestere. For dei ville eit forbod mot lastebilar over fire møter føre til at dei må køyre langt fleire turar for å få ut matvarer til sine butikkar landet rundt.

– I Norge fraktar vi varer over store avstandar. Det vi fraktar er stort sett volum. Då snakkar vi kubikk. Tek vi ned høgda på bilen, så må ein frakte dette på fleire bilar enn kva vi gjer i dag, sa logistikkdirektør Halvor Nassvik i Coop Norge til NRK.no den gong.

(Artikkelen held fram under biletet)

Høge lastebilar

HØG: Denne lastebilen er om lag 4,2 meter. Lastebileigarforbundet meiner det må vere mogleg og også bruke høgare lastebilar enn dette i framtida.

Foto: NRK

– Det er ingenting å tene på dette

Etter den massive motstanden vart det gjort ei samfunnsøkonomisk analyse for å finne ut kva det faktisk vil koste å innføre eit forbod mot høge lastebilar. Ein såg då på fordelar og ulemper med å innføre eit forbod på anten fire meter eller 4, 2 meter.

I mai i år var tilrådinga frå Vegdirektoratet klar. Sjølv om det vil koste samfunnet 154 millionar årleg vil dei forby lastebilar høgare enn 4,2 meter.

Ei samla transportnæring likar framleis forslaget om høgdeforbod på norske lastebilar dårleg, og fleire representantar frå næringa møtte måndag denne veka representantar frå Samferdsledepartementet.

– Vi meiner det ikkje er påvist nokon trafikktryggleiksmessig vinst ved å reduserer høgda på lastebilane. Det er også fleire negative konsekvensar av eit slikt forbod, seier Slaatsveen i Norges Lastebileigarforbund.

– Dyrare og miljøfiendtleg

Han viser til at forbodet vil føre til at det må fleire lastebilar til for å frakte same mengda gods.

Fleire lastebilar på vegane betyr også at transporten blir dyrare, det vil bli større utslepp av miljøgassar og fleire bilar på vegane er i seg sjølv ikkje positivt for trafikktryggleiken, argumenterer Slaatsveen.

Han presiserer at lastebileigarforbundet ikkje er negative til andre tiltak for å sikre dei lastebilane som er høgast.

– Vi ønskjer å sjå på andre ting i staden, som til dømes korleis ein kan kompenserer for manglande stabilitet ved å sjå på sjølve konstruksjonen av bilane, seier Slaatsveen.

Farlege låge tunnelar

Vegvesenet i Sogn og Fjordane var blant dei som ønskte eit forbod mot lastebilar over fire meter. Dei argumenterte mellom anna med at mange høge lastebilar i dag fører til trafikkfarlege situasjonar i dei mange låge tunnelane på vegnettet.

Fordi tunnelane er låge må bilane køyre midt i tunnelen, noko som i seg sjølv er trafikkfarleg, og i tillegg gjer høge lastebilar med ujamne mellomrom skader på sjølve tunnelane.

Slaatsveen forstår at Vegvesenet er kritiske til dei høge lastebilane i desse tunnelane.

– Men det skal ikkje vere slik at det som er eit problem enkelte stadar skal føre til eit totalforbod, seier Slaatsveen og legg til:

– Lastebilsjåførane må følgje lova. I tilfelle der dei køyrer i tunnelar som er for låge til at dei er lovlege må politiet og Vegvesenet ta desse. Men som sagt, ein kan ikkje innføre eit totalforbod mot høge lastebilar.

Håpar dei når fram med argumenta

Jon Arild Jensen i Samferdsledepartementet seier dei sa ja til å møte representantar frå næringa for å høyre på argumenta.

Departementet håpar dei skal ta ei avgjerd i saka i løpet av hausten.

Slaatsveen håpar møtet med næringa gjorde eit visst inntrykk. Han håpar aller helst at heile forslaget vert kasta.

– Eg håpar den tyngda av representantar, og at vi står så samla, gjer inntrykk på dei som no skal ta endeleg avgjerd i denne saka.

I tillegg til Norges Lastebileigarforbund møtte også representantar frå mellom anna NHO, LO, Hovudorganisasjonen for handel og tenester (HSH), Logistikk- og Transportindustriens Landsforening (LTL), skogbruket, Coop og Asko.