Hopp til innhold

Nektar å ha SV-skilt på bilen

Mange bilkjøparar i bergensområdet nektar å bruka dei nye SV-skilta.

Video Bergensarar vil ikkje ha SV-skilt

SJÅ VIDEO: Bergensarar vil ikkje ha SV-skilt på bilane sine.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Vi har mange som seier dei ikkje vil ha skilt med SV. Eg reknar med at det har med politikk å gjera, seier Bente Bergfjord, fagansvarleg i Statens vegvesen til NRK.

Frå SU til SV

SV-skilt

Hyllene hos vegvesenet i Bergen er fulle av dei nye SV-skilta.

Foto: Hanna Seferowicz / NRK

Dei nye SV-skilta står på rekke og rad i hyllene på Bergen trafikkstasjon i Fyllingsdalen. No er talet på registrerte bilar med SU-skilt blitt så høgt at det må nye bokstavar til. Reaksjonane har ikkje berre vore positive.

– Vi fekk ein del tilbakemeldingar frå kundar tidlegare som kvidde seg til dei nye SV-skilta skulle koma, seier Nils Georg Borlaug i Gudimbil.

Andre bilforhandlarar stadfestar at kundar ikkje vil ha dei nye skilta.

– Kundane seier det er politiske årsaker, seier Benedicte Sørvik, som er sekretær ved Frydenbø Bilsenter.

SV reagerer

– Eg syns dei må vera litt mindre surpompar, seier gruppeleiar for SV i Bergen bystyre, Oddny Miljeteig.

Ho synest det er rart at folk hissar seg opp over dette når mange tusen bergensarar i årevis har kjørt rundt med «reklame » for ungdomsorganisasjonen til SV, Sosialistisk Ungdom.

– Husk at SU er endå meir radikale enn oss, seier Miljeteig.

Oddny Miljeteig

Oddny Miljeteig stussar over at folk ikkje vil ha SV-skilt.

Foto: Hanna Seferowicz / NRK

Håp for SV-hatarar

Alt håp er ikkje ute for dei som held fast på at dei ikkje vil bilen sin «øydelagt » av SV-skilt framme og bak.

Dei som ikkje likar SV eller SV-skilt (eller kanskje begge delar) kan nemleg få velja skilt frå andre distrikt.

Ulempen er då litt ekstra ventetid for dei fleste alternative skilta.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kva meiner du om saka? Skriv kommentaren din nedanfor!