Hopp til innhold

Nektar å gje opp: – Vi lovar at det blir litt musikk på 17. mai

Dei fryktar for at pandemien skal knekke ryggen på korpsbevegelsen, men korps over heile landet lovar at det i alle fall skal bli litt musikk på 17. mai.

Unni Kriken og Førde Musikklag øvar til 1. mai.

KLARE I KULDEN: Medlemene i Førde musikklag spelte inn video til 1. mai torsdag kveld. Leiar Unni Kriken vel å vere optimist trass strenge reglar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I dag la regjeringa fram kva tiltak som skal gjelde for 17. mai-feiringa. Dei som hadde trua på ei vanleg feiring, blei skuffa.

– Ingen i fjor trudde at vi skulle ha reglar for feiringa også i år, men no står vi her igjen for å seie at pandemien vil prege feiringa, sa Raja på pressekonferansen.

Blant dei dette råkar hardt er mange tusen born og vaksne i korpsrørsla.

I Førde i Sogn og Fjordane har medlemene i Førde musikklag knapt sett kvarandre det siste året. I kveld spelte dei inn marsjar digitalt som skal sendast 1. mai.

For noko tog blir det verken den dagen eller andre festdagar i mai.

– Eg må vere positiv og tenke det at korpsbevegelsen vil leve også etter pandemien. Men vi må vere merksame på at skulekorpsa kanskje kan slite litt. Særleg med tanke på rekruttering, seier leiar Unni Kriken.

Vil ha felles nasjonalsong

Men trass strenge beskjedar frå regjeringa om koronarestriksjonar på nasjonaldagen, så satsar korps over heile landet no på små, overraskande konsertar.

– Vi tenker å få til nokre pop-up-konsertar på 17. mai. Kanskje på Helsetunet og kyrkja. Får sjå kvar vi dukkar opp. Litt musikk har vi tenkt å få til, lovar Kriken.

Under pressekonferansen i ettermiddag hadde kulturministeren uansett ei klar oppmoding til alle som likar musikk på 17. mai.

– Regjeringa oppmodar alle om å bli med på å synge «Ja, vi elsker dette landet». I år blir det rett etter saluttane klokka 12, sa Abid Raja.

I Trondheim er medlemene i Bispehaugen skolekorps, populært kalla Småbispan, litt skuffa over at det ikkje blir som vanleg dette året heller.

– Vi hadde jo håpa på at det skulle bli meir normalt i år, men vi får berre prøve å gjere det beste ut av det. Kanskje gå litt rundt i gatene, om vi får lov, seier Christine Johnsen Øi.

Bilde av Jente med instrument

VIL UT OG SPELE: Christine Johnsen Øi spelar fløyte i Småbispan i Trondheim. Ho håpar det i alle fall blir litt speling på nasjonaldagen.

Foto: Jøte Toftaker

– Synd på dei i Oslo og Viken

– Det er veldig vanskeleg å rekruttere til noko som ikkje er i gang. Restriksjonane og pandemien har hatt direkte påverknad på rekrutteringa.

Det seier generalsekretær i Noregs Musikkorps Forbund, Karl Ole Midtbø. Han var førebudd på at det neppe ville bli nokon vanleg 17. mai-feiring i år heller.

Men han meiner at regjeringa i alt for stor grad har hatt meir omsorg for idretten enn for resten av det breie kulturlivet.

– Det trudde eg kanskje at det skulle vere slutt på no. Generelt i landet er det jo ei viss opning no, men eg synest frykteleg synd på dei i Oslo og Viken som nesten ikkje får gjort noko som helst, seier Midtbø.

Rundt om i landet må no skular, familiar og 17. mai-komitear førebu seg på alt anna enn folketog og lange køar framfor is- og pølsebuene.

Eva Lockertsen Stenvold, leder, 17. mai-komiteen 2020
Foto: Fabian Ubeda / NRK

Må legge vekk planane

I Tromsø må komitéleiar Eva Lockertsen Stenvold innsjå at draumen om ein vanleg nasjonaldag går i knas.

– Vi har hatt mange planar, men har venta på sentrale avklaringar. No har vi fått det, så vi må berre bestemme oss for korleis vi gjer det. Kanskje blir det bilkortesje og båtkortesje. Det blir i alle fall ikkje skuletog, seier ho til NRK.

I Bergen er Cecilie Lycke leiar for 17. maikomiteen. Ho ber innstendig om at folk ikkje kjem saman i store hopar.

– Vi vil jo helst at ein held seg der ein bur og høyrer heime. Me prøver å leggja opp til eit program som gjer at det skal vera fint å vera ute i bydelane, og opplegg som bidrar til at ein ikkje må til sentrum.

STRENGE TILTAK: Sjå pressekonferansen.