Hopp til innhold

Nektar å gi opp kampen mot godsterminalen

Samferdsledepartementet er i rute med behandlinga av den svært betente godsterminalsaka i Bergen. No startar dei lokale kampen for å overbevisa politikarane som avgjer saka.

Markering i Hordnesskogen oktober 2016

PROTEST: Mange var møtt opp i Hordnesskogen søndag for å visa sin støtte til aksjonen for å redda området frå godsterminal.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Plasseringa av ny godsterminal i Bergen har vore gjenstand for intens debatt i over eit år i vestlandsbyen.

Sjølv om det er kome fleire vedtak i saka, nektar nokre av dei mest innbitne kamphanane å gi seg. I dag inviterte Hordnesskogens venner til aktivitetsdag for å visa fram kva skogen i Fana har å by på.

– Først og fremst er det regjeringa og stortinget som skal avgjera denne saka. Det er der vi må sette inn støyten no, seier Anne-Margrete Bollmann i Hordnesskogens venner.

Peikar på Hordnesskogen

Bystyret vedtok i juni å legga den nye terminalen til nettopp Rådal og Hordnesskogen.

Fylkestinget har bedt om å få ei utgreiing av Arnadalen og Flesland som lokasjon for ein stor godsterminal, men om ikkje det let seg realisere, peikar også dei på Hordnesskogen.

No ligg saka på bordet til Samferdsledepartementet. Ei avgjerd er venta i løpet av hausten.

Sender brev til samferdsleministeren

Det er dette siste håpet som gjer at motstandarane mobiliserer.

I dag har mange barn samla blad frå Hordnesskogen, som skal sendast i brev til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

– Vi vil også invitere han og andre politikarar hit til Hordnesskogen for å sjå kva det er snakk om, seier Bollmann.

Anne-Margrete Bollmann i Hordnesskogens venner

INVITERER: Anne-Margrete Bollmann i Hordnesskogens venner vil gjerne ha samferdsleministeren på besøk.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

«Pest og kolera»

Men plasseringa av ny godsterminal i Bergen har av fleire blitt omtalt som ei vanskelegare sak enn Bybanen til Åsane.

For alternativa til Rådal skapar også trøbbel i sine nærmiljø. På Unneland i Arna må kring 50 hus rivast og tolv gardstun fjernast.

– Dette blir ei prioritering mellom pest og kolera, har fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) sagt om dei to alternativa.

– Vi føler oss ikkje trygge enno, seier Frode Larsen i aksjonsgruppa mot godsterminal i Arna.

Også dei vil anten reise til Oslo eller invitere samferdsleministeren til Arna for å vise kva dei legg i grus om terminalen hamnar på Unneland.

– Vi vil fortelje det same til sentrale politikarar i departementet og regjeringa som vi har fortalt lokale politikarar. Saklege faktaopplysningar har fungert for oss så langt.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

– Saka er i rute

Samferdsledepartementet kan overfor NRK søndag ikkje seie kor nær dei er ei avgjerd i saka, men fortel at saka er i rute.

Dei kvalitetssikrar no utgreiinga til Jernbaneverket, som konkluderte med godsterminal på anten Hordnesskogen eller Unneland.

– Slik kvalitetssikring tek vanlegvis nokre månader. Deretter blir saka, inkludert høyringar, sendt over til departementet for behandling før den blir lagt fram for regjeringa. For at alle ledd skal få forsvarleg behandlingstid, tek også denne prosessen nokre månader, seier fungerande kommunikasjonssjef Susanne Moen Stephansen til NRK.