Den kjende laksemillionæren frå Gulen i Sogn og Fjordane bar tydeleg preg av at han likte seg dårleg under rettssaka i Nordhordland tingrett i dag.
Han ville ikkje uttale seg til media og signaliserte at han ville ha minst mogleg oppstyr rundt saka. Braanaas, som tente 27 millionar og hadde ei formue på 580 millionar i fjor, har kontant nekta å betale bota på to millionar kroner.
– Uforsvarleg
Aktor Ole Bjørn Mevatne fokuserte mesteparten av tida på det politiet meiner er uforsvarleg drift av Braanaas sitt oppdrettsanlegg i Gulen, der det i mars 2012 gjekk veldig gale. I sterk vind revna ei av nøtene ved anlegget og 123.000 oppdrettsaurar rømde.
Politiet ga Firda Sjøfarmer ei bot på to millionar kroner. Som grunnlag for bota meiner politiet at dei tilsette i Braanaas-selskapet unnlét å drifte selskapet på ein forsvarleg og miljømessig måte då rømminga skjedde. Det vart også vist til at det ikkje vart sett inn kompenserande tiltak, trass i ei fiskerømming også i 2011 ved eit av Firda Sjøfarmer sine anlegg.
Aktor Mevatne viste til at manglande tilpassing ved anlegget førte til at ein kjetting med vesentleg slitasje kom i kontakt med sjølve nota. Dette førte til ei mellom 15 og 20 centimeter brei og 12 meter vertikal revne, meinte Mevatne.
Kom med åtvaringar i 2009
Forskingssjef Arne Fredheim ved SINTEF var kalla inn som sakkunnig vitne i retten. Fredheim, som også har vore medlem i ein nasjonal kommisjon mot fiskerømming, viste til at dei allereie i 2009 kom med klare åtvaringar mot at å feste nøtene med kjetting, på den måten det vart gjort ved anlegget i Gulen, auka sjansen for fiskerømmingar.
Undersøkt av dykkar
Braanaas sin advokat, Svein Aage Valen, viste på si side til at nota 10 dagar før rømminga vart undersøkt grundig på innsida av ein dykkar. Dykkaren fann ingen skader eller manglar ved nota som skulle tilseie at ho ville rivne. Valen viste vidare til at Firda Sjøfarmers internkontrollsystem fungerte som det skulle og at lovverket har vore følgt. Valen ville ikkje svare på spørsmål frå NRK.
Det er sett av ytterlegare to dagar til saka i Nordhordland tingrett.