Mundal har han sett seg lei på det han kallar stivbeinte reglar.
- Dersom dei ikkje gir seg får eg sende dei litt stein frå åkeren. Men dei får ikkje den finaste, seier Mundal.
Berre brødposar
For den finaste steinen brukar Mundal til å mure terrassar på tomta si i Fjærland. Der fører han eit gamaldags naturhushald, og dyrkar poteter og gulrøter på dei grøne lappane. Trygve Mundal lever av det han dyrkar sjølv, og av fisken i fjorden. Det einaste han kjøper er brød og litt plantemargarin, men noko søppel blir det ikkje av det, hevdar han.
- Plastposane på brøda er den einaste søpla eg har, men dei er det råd å brenne, seier Mundal.
Fastlåst
Og difor vil han ikkje betale 1000 kroner i renovasjonsavgift til Sogndal kommune. I dag stod brevet frå Mundal til Sogndal kommune - der han nektar å betale - på trykk i Sogn Avis. Der slår han fast at han i overskueleg framtid ikkje kjem til å ha noko søppel å levere. Dersom kommunen likevel vil tvinge han til å levere noko, kan dei få ein åkerstein. Men den kan betre nyttast til utbetring på tomta.
- Dersom systema er så fastlåste at dei er avhengige av subsidiering frå oss som ikkje leverer boss, så er systemet feil, seier Mundal.
Fellesskap
- Sogndal kommune har tvungen renovasjon. Dermed må alle betale - uansett om dei leverer avfall eller ikkje, opplyser driftssjef Arvid Valland.
- Men det er prisverdig å ha så god ordning at ein ikkje treng levere noko avfall. Men med tvungen renovasjon er alle med i eit fellesskap der alle må betale, slår driftssjefen fast.