Hopp til innhold

Nekta å betale koronabøter: Ankesaka startar i dag

I dag startar ankesaka for dei to kvinnene som i juli 2021 vart dømd for brot på smittevernlova. Det var november 2020 at dei to kvinnene festa med fleire enn det som var lov i Bergen på det tidspunktet.

Kvinnene nekta å betale bøtene på 10.000 og 5.000 kroner og meinte Bergen kommune ikkje hadde rett til å innføre koronaforskrifta om avgrensing på talet besøkande i private heimar. Kvinnene vart i juli dømde for brot på smittevernlova og til høgare bøter på høvesvis 6.000 og 12.000 kroner. Dei anka dommen, og det er no satt av to dagar til ankesaka i Gulating lagmannsrett.