Hopp til innhold

Det vankar ikkje bot om du allereie no har piggdekka på

FØRDE (NRK): – Dei som er i tvil om det er rett tidspunkt, må ikkje tvile lenger.

Spørsmålet mange bileigarar stiller seg no er: skal dekka bytast no, eller skal vi vente litt til? For dei som bruker piggdekk er det først etter 1, november det er lovleg, men utrykningspolitiet seier at dei ikkje vil bøtelegge bilistar som er tidleg ute.

SJÅ VIDEO: Politioverbetjent i Utrykkingspolitiet, Einar Vereide, har aldri gitt bøter til bilistar som køyrer med piggdekk på denne tida av året.– Dei må stole på seg sjølve. Meiner dei at det er fare for å komme inn på glatte parti, noko som er ein reell fare i desse dagar, så må dei skifte over utan å vere redde for å få reaksjon frå politiet si side, seier han.

Det er oppmodinga frå politioverbetjent Einar Vereide i Utrykkingspolitiet til bileigarane.

For køyrer du med piggdekk no, så møter politiet deg med forståing og ikkje bot. Sjølv om piggdekka, etter regelverket, ikkje skal på før 1. november i Sør-Norge.

– Det er føraren si vurdering som må ligge til grunn her. Dei kjem med forklaring på kvar dei skal eller har vore, og dei forklaringane må vi kjøpe. Eg trur ikkje at folk flest køyrer rundt på vinterdekk utan at det er behov for det, seier Vereide.

Hektiske dagar

Ståle Kvammen

HEKTISK: Ståle Kvammen har siste to vekene hatt mange bileigarar innom. – Enkelte kjenner seg trygge, berre dei får nye sommardekk på, seier han.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Ved Førde Vulk har salssjef Ståle Kvammen og kollegaene travle dagar. Bilar skal ha nye sommardekk, men hovudtyngda av kundane skal bytte frå sommar- til vinterdekk.

  • Les også:

Den lange perioden med kaldt, men strålande haustvêr, har gjort at vegane har glatte parti.

– Bilistane byrjar ofte å skifte i byrjinga av oktober, men vi har ikkje hatt slik pågang som no, seier Kvammen.

– Kva seier du til usikre kundar?

– Skal du på langtur, og du kjenner deg utrygg, er det mykje betre å setje på vinterdekk så du kjenner deg trygg når du setter deg bak rattet.

– Frykt ikkje reaksjon

Neste veke ventar mildvêr, og framleis er det 14 dagar til regelverket seier at piggdekka skal på. Fleire bilistar som NRK har snakka med vedgår at dei er usikre på å legge om, fordi dei fryktar bot frå politiet.

Politioverbetjent Vereide minner om at regelverket pålegg føraren å sko bilen etter forholda.

– Men det er ikkje grunn til å vere uroa for at Up skal bøteleggje dei for å setje på vinterdekka tidlegare enn 1. november. Slik vêret har vore no, med kalde netter og skuggefulle dalar, så er det både kaldt og glatte parti. Då må dei setje på vinterdekk, seier han.

Føraren har ansvaret

Til sjuande og sist er det føraren som er ansvarleg, både med tanke på å sko bilen, og avpasse farten, etter føret.

Då er det trass alt betre å vere føre var, enn etter snar.

– Vegtrafikklova seier at sjåføren har ansvar for dekka som står på bilen. Kjem du då med sommardekk på vinterføre, og du kjem opp i ei ulukke, kan du fort få problem med forsikringsselskapa. Anten med forhøgja eigendel eller avkorta utbetaling, seier Kvammen.