Nei til valløfte om billig bensin

Sp kan ikkje gå til val på eit løfte om å bruka store summar på billigare bensin, seier Kjersti Toppe (Sp) til NTB. Ho meiner partiet sitt truverd som klimaparti blir sett på spel om programkomiteen får gjennomslag for å reversera auken i bilavgiftene. Hordaland Sp vil slå fast at «klimaomstilling i transportsektoren må bygge på prinsippet om at forurenser skal betale».

Stortingets spørretime, Kjersti Toppe.
Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix