Utbygginga skulle gje straum til to tusen husstandar, men blir no stogga fordi myndigheitene vernar Øystese-vassdraget.
Eg er skuffa, men tek fredingsvedtaket til etteretning. Det seier produksjonssjef i BKK, Karl Eliassen.
Motstand vann fram
I mange år har Eliassen kjempa mot kommunar og naturvernarar for å få bruke urørte vatn på Vaksdalsfjellet og Kvamsskogen til straumproduksjon.
Men nokre av vatna renn ned i Øystese, og her har motstandarane vunne kampen om naturen.
- Nei til storutbygging
BKK vil byggje ut og modernisere kraftverk i Gulen, Høyanger, Modalen, Vaksdal, Voss, Fitjar, og Samnanger. Om dei hadde kunne gjere som dei ville, hadde dei fått nok straum til ein by på storleik med Haugesund.
- Dei andre prosjekta må leggast vekk til liks med det som har skjedd i Samnanger. Det meiner Ingar Flatlandsmo i Naturvernsforbundet.
Gjev ikkje opp
Men BKK legg ikkje vekk utbyggingsplanane utan kamp. Tilførsel av nye vatn til kraftverka i Samnanger er stansa av fredningsvedtekter, men dei andre går fram med uforminska styrke.