Hopp til innhold

Opplever at datatabben gir «ekstra trøkk» mot tilsette i barnevernet

Forbundsleiar fryktar at IT-feilen i norske kommunar går direkte utover tilliten til barnevernet.

Ellen Galaasen, leiar Barnevernspedagogene i Akademikerforbundet

«USKULDIG DØMD»: Datasvikten kan svekka tilliten til oss i barnevernet, sjølv om vi ikkje er skuld i feilen, seier Ellen Galaasen i Akademikerforbundet.

Foto: Privat

– Dette er ein uhaldbar situasjon som ikkje er barnevernet sin feil.

Det seier Ellen Galaasen. Ho er leiar for Barnevernspedagogane i Akademikerforbundet.

Ein helsesjukepleiar i Bergen oppdaga at ei bekymringsmelding ikkje kom fram til barnevernet.

Det var starten på ei større sak om ein teknisk datasvikt i meldesystemet som Visma, Bufdir, KS og 244 kommunar har samarbeidd om. Bekymringsmeldingar til barnevernet i Noreg har blitt automatisk sletta før barnevernet tok imot dei.

– Dette kan bli tolka som nok eit eksempel på at «her har ein ikkje fått respons frå barnevernet». Då må vi på ein måte bygge opp igjen tilliten, sjølv om det ikkje gjeld kommunen ein sjølv jobbar i.

Datasvikten kjem på toppen av ei rekke medieomslag om barnevernet dei seinare åra, ofte med negativ omtale.

Galaasen er uroa for at det kan vere vanskeleg å skilje mellom kritikk retta mot barnevernet, og annan kritikk der barnevernet ikkje har skuld i feilen som har oppstått.

– Alle slike oppslag er med på å generere eit trykk på omdømmet til barnevernet. Men i dette tilfellet handlar det om faktorar som ligg utanfor deira kontroll, seier ho.

Hei!

Eg har dekka saka om dei forsvunne barnevernsvarsla. Er du råka av feilen? Har du informasjon eller tips i saka?

Avhengige av tillit

For å hjelpe barn og ungdom er barnevernet avhengige av at både privatpersonar, fagpersonar og offentleg tilsette melder frå gjennom bekymringsmeldingar. Når barnevernet gong på gong blir omtala i negative samanhengar, fryktar ho at det blir skapt mistillit til dei.

– Då vil terskelen for å ta kontakt med oss vere høgare og det kan vere vanskeleg å få eit samarbeid med dei vi ønsker å samarbeide med, forklarar ho.

– Vi får ikkje noko draghjelp i å snakke fram barnevernet, legg ho til.

Ole Henrik Kråkenes. Leiar for profesjonsrådet for barnevernspedagogar i Fellesorganisasjonen.

Ole Henrik Kråkenes i Fellesorganisasjonen understrekar at datasystemet som sletta bekymringsmeldingar ikkje handlar om kvaliteten på barnevernets arbeid.

Foto: Sara Angelica Spilling / Fellesorganisasjonen (FO)

Galaasen får støtte av Ole Henrik Kråkenes. Han er leiar for profesjonsrådet for barnevernspedagogar i Fellesorganisasjonen (FO), Noregs største forbund for tilsette i barnevernet.

– Denne saka viser ei sårbarheit ved digitaliseringa av barnevernssystemet og ikkje den faglege kvaliteten på arbeidet som barnevernet gjer, seier han.

Kråkenes understrekar at barnevernspedagogar og sosionomar jobbar med barn og foreldre som dei er heilt avhengige av å få ein god relasjon til for å hjelpe dei.

– Vi er også heilt avhengige av tillit frå samfunnet rundt som må hjelpe med å fange opp desse barna, seier han.

Barnevernstilsette blir hengde ut

Galaasen i Akademikerforbundet påpeiker at barnevernstilsette stadig blir utsette for kritikk i nasjonale media.

Og på sosiale medium blir tilsette hengt ut i grupper med både namn og bilde. Her blir barnevernet mellom anna omtala som «maktkåte» og at dei er ute etter å ta barn.

– Slik kritikk er vanskeleg å verje seg mot, og kan gjere at tilsette er redde for å uttale seg offentleg eller snakke ope om at dei jobbar i barnevernet, seier ho.

Kråkenes viser også til politikarane sitt ansvar for å betre barnevernet sitt omdømme:

– Barnevernet skal hjelpe nokon av dei mest utsette. Då treng vi hjelp frå både politikarar og andre instansar til å snakke opp det gode arbeidet som barnevernet gjer. Det er sjeldan det er dette som får mest spalteplass i media.

Statsråden: – Meld frå på nytt

Gjennom senior kommunikasjonsrådgjevar i Barne- og familiedepartementet, Thea Nathalie Finstad, svarar departementet at barnevernet er avhengige av høg tillit i befolkninga og eit godt omdømme.

– Det skal opplevast trygt å melde om noko til barnevernet. Barnevernet utøver ei særskilt makt og kan gripe inn i det mest private – retten til familieliv. Tilsette treng tillit for å kunne samarbeide best mogleg med barna og familiane deira.

Departementet opplyser vidare at det er viktig for arbeidsforhold og tryggleik at tjenestestane blir styrt og leia på ein god måte.

– Tilsette i barnevernet skal føle seg trygge på jobb og vere stolte av den viktige jobben dei gjer.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) seier saka har høgste prioritet i departementet.

Onsdag kom ho med ei klar oppfordring:

Folk som mistenker at bekymringsmeldingar ikkje har nådd fram til barnevernet tidlegare, bør sende inn meldinga på nytt.

Barne og familieminister Kjersti Toppe.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) har varsla at saka vil granskast.

Foto: Heidi Ditlefsen / NRK

Det har over tid vore ein nedgåande trend i talet på meldingar til barnevernet. I ein statusrapport frå Bufdir konkluderer dei førebels med at det er primært andre forhold enn den tekniske svikten som er årsaka til dette.

Dette er både basert på at trenden starta før feilen skjedde i systema, men også at det har vore ein nedgåande trend i kommunar som ikkje har nytta seg av Visma Familia, der den tekniske feilen låg.