Hopp til innhold

Kommunikasjonen svikta då pasientar ringde 113 – ny, krass kritikk mot AMK-sentral

To år etter at alarmsentralen fekk kritikk etter ei dødsulukke, kjem ein ny, nedslåande rapport om alarmsentralen i Helse Fonna.

Redningsaksjon, Kveitevik, Karmøy

DØYDDE: Ein 47 år gamal mann døydde i ei båtulukke utanfor Karmøy i 2016. Denne, og fleire liknande hendingar, førtei til eit tilsyn med korleis AMK-sentralen i Helse Fonna responderer.

Foto: Britt Alise Kvalevaag

Det slår Fylkesmannen i Hordaland fast etter å ha sett på korleis helseføretaket handterer naudanrop.

I ein fersk tilsynsrapport (ekstern lenke) har fylkesmannen konkludert med at «styringa ved AMK Haugesund ikkje sikrar pasienttryggleik på ein tilstrekkeleg måte».

– Svikt har gjentatt seg, sjølv om me har påpeikt det, seier fylkeslege i Hordaland, Helga Arianson.

Varsla for seint i forkant av dødsulukke

Ein 47 år gamal mann døydde då ein båt køyrde i ein stolpe utanfor Karmøy i juni 2016.

Operatørane på jobb takla ikkje situasjonen då dødsulukka inntrefte, konkluderte Helsetilsynet i Hordaland, som i ettertid granska innsatsen ved sentralen.

Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) har som hovudoppgåve å ta imot meldingar til medisinsk naudtelefon (113).

Men fleire pasientar og pårørande som har hamna hos Helse Fonna, opplever å ikkje bli tatt på alvor, seier fylkeslegen.

– Eg vil understreka at me har fått mange klager dei siste åra. Fleire av klagene har hatt likskapar, mellom anna at personar som kontaktar sentralen ikkje opplever at meldinga blir tatt på alvor. Det er alvorleg, seier Arianson.

Frykter for at Helse Fonna skal bli splittet.

AMK HAUGESUND: Helse Fonna sin AMK-sentral i Haugesund svarar ifølge klinikkdirektøren på 12.000 anrop i året. Medarbeidarar får i snitt 1–2 telefonar i timen.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

Høyrde gjennom lydloggar: – Blei ikkje tatt på alvor

Fylkeslegen har også gjennomgått organiseringa av AMK-sentralen. Resultatet er fire avvik:

  • «Det er uklart kven som tek avgjerder om praksis i enkelte faglege spørsmål. Eit døme på dette er kven som avgjer praksis for bruk av nødnett for utalarmering av ressursar på natt (etter kl. 23) i område 3.»

  • «Knapp kapasitet, små stillingsprosentar og lite tid/trening som operatør, gjer at risiko for svikt i vurdering og handtering av innkomne meldingar frå befolkninga er stor.»

  • «AMK-sentralen følgjer ikkje alltid fastsette rutinar for bruk av Norsk medisinsk Indeks i samarbeid med andre relevante aktørar i akuttkjeda eller ved utalarmering av ressursar.»

  • «Leiinga har ikkje følgt godt nok med på at praksis har vore i samsvar med dei mål, forventningar og krav som er stilt til denne tenesta.»

Etter intervju med leiarar, tilsette på sentralen og ein gjennomgang av lydloggar, har fylkeslegen konkludert med at dei tilsette har gjort alvorlege feilvurderingar i samtale med pasientar.

– AMK-sentralen har ikkje fått med seg all informasjon og har ikkje vekta denne slik dei skulle. Me har sjølv høyrt at meldingar ikkje har blitt tatt på alvor. Helse Fonna har ikkje gjort nok for å retta opp i dei avvik me har peikt på før, slår fylkeslegen fast.

Helga Arianson

TETT OPPFØLGING: Fylkeslege i Hordaland Helga Arianson, har fylgt situasjonen i Helse Fonna tett i lang tid. Ho er ikkje nøgd

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Klinikkdirektøren vedgår at tiltak ikkje har gitt resultat

– Me ser svært alvorleg på dei avvika som Fylkesmannen har peika på, seier klinikkdirektør for medisinsk service og beredskap i Helse Fonna, Sverre Kolbeinsen Lien.

Lien ynskjer å poengtera at det er trygt å ringa 113 i Helse Fonna sitt dekningsområde, men vedgår at helseføretaket ikkje har lært nok av tidlegare tilsyn.

– Tidlegare tiltak har ikkje gitt tilstrekkelege resultat. Mellom anna tek me med oss rapporten inn i vurderinga av korleis AMK-sentralen skal vera organisert, fortel klinikkdirektøren.

Helse Fonna går for tida gjennom ei omorganisering.

– Kan svara maks éin telefon om gongen

Ifølge rapporten fører bemanningssituasjonen til at operatørane berre kan svara på éin telefon om gongen. På grunn av låge stillingsbrøkar, kan det gå over ei veke mellom kvar vakt. Dette går ut over kvaliteten, slår rapporten fast.

Ønsker du at ein får større stillingsprosentar ved AMK for å sikra at operatørane får kontinuitet i det potensielt livreddande arbeidet dei gjer?

– Ja, og det er noko av det me skal sjå på når me bestemmer oss for organiseringa, seier klinikkdirektøren.

Lien seier at det er ei sanning med modifikasjonar at sentralen berre kan svara på éin telefon om gongen på kveldstid.

– Me kan henta inn ein ekstra person frå akuttmottaket til sentralen dersom det skjer større hendingar som gjer at ein må svara på fleire samtalar samstundes.

– Har ført til forseinkingar ved alvorleg sjukdom

I intervju med Fylkesmannen seier AMK-operatørane at terskelen for å tilkalla ekstrapersonalet som Lien viser til, er høg.

Helga Arianson, fylkeslege i Hordaland

KRITISK: Fylkeslege Helga Arianson seier ho vil følga Helse Fonna tett, men viser til at leiinga denne gongen har tatt gode grep.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Me har forståing for at operatørane har ein vanskeleg jobb. Dei må skilja mellom viktige og mindre viktige oppdrag. Men dei har fått verktøy til å hjelpa med det, og desse har ikkje alltid blitt brukt.

– Har liv gått tapt som følge av dårleg kommunikasjon ved AMK-sentralen?

– Det har eg ikkje grunnlag for å uttala meg om. Men det har vore forseinkingar i saker der pasientar har vore alvorleg sjuke.