Når juniorane manglar, er det ikkje mange att på Kaupangertreinga. Foto Arve Uglum © NRK.
Tungt hjarte
– Kaupanger er laget mitt, og det er med tungt hjarte eg tippar dei nederst, seier panelformann Geir Navarsete. Han håpar tipset vil inspirere det unge Kaupangerlaget, men veit det vil bli tungt å klare seg. – Men slik det ser ut no blir det antageleg berre eitt lag som rykker ned, og det kan jo hjelpe, seier han.
Profiler
Laget trenar Kjell Ertesvåg stiller med er svært avhengige av at profilar som Vegard Skjeldestad (ex Sogndal), Jonny Skjerven og Ole Rebni innfrir. Rundt dei er det mange unge spelarar der fleire har uttalte mål om å nå lenger enn 3. divisjon innan fotballen. Guttelaga på Kaupanger har vore dominerande dei siste åra, men trass i alt talentet trur ikkje fotballpanelet at dei klarar overgangen til tøffare seniorfotball i tide.
– Dessverre. Sjølv om rekrutteringa er god blir dette ein kjapp tur opp og så nedatt, seier Stig Roger Eide om dei nyopprykka.
Alt å vinne
– Det er eigentleg perfekt for oss. No har vi alt å vinne, seier kaptein og venstreback Jonny Skjerven.
– Vi gler oss til sesongstarten, men vi veit det blir tøft. Valet om å satse berre på våre eigne unggutar har vi teke sjølv, seier Kjell Ertesvåg.
-Kjell Ertesvåg (bildet) er nesten den einaste med erfaring på dette laget, og når han ikkje skal spele blir det for tynt, seier panelmedlem Stig Roger Eide.
Studentar forsvann
Eksperimentet med å ta inn gode men flyktige studentar frå Høgskulen i Sogndal var ikkje vellukka, då dei hadde det med å forsvinne midt i sesongen når sommarferien kom.
– Alle på laget er lokale gutar, og det viser att på publikumsframmøtet. Folk kjenner dei som spelar, og då blir det lettare å ta turen på kamp, seier Ertesvåg.
Treng publikum
I fjor hadde dei opp mot 200 tilskodarar då dei kjempa i toppen av 4. divisjon. I år blir det tøffare, og spørsmålet er om publikum møter like flittig opp om motgangen kjem.
– Det er då vi treng dei, seier Ertesvåg.