Hopp til innhold

Tusenvis av flaggermus skal få denne tunnelen som heim

2020 har vore eit tøft år for flaggermusa, som har fått skulda for å starte ein epidemi. Men i Stryn får dei hjelp til å flytte inn i plomberte tunnelar.

Den gamle Blaksettunnelen

ROM MED UTSIKT TIL FJORDEN: To av dei utdaterte tunnelane i Stryn skal losjere flaggermus

Foto: Statens vegvesen

– Er dette ein slags halloween-spøk?

– Nei, det er ikkje ein spøk, seier byggjeleiar Matias Gjøstein Sundal.

I Stryn skal den nye Blaksettunnelen stå ferdig neste sommar.

Dei gamle og utdaterte tunnelane på fylkesveg 698 blir difor støypte igjen, slik at ubedne gjester ikkje skal ta seg inn.

Med eitt unntak. For ein skapning er velkomen. Flaggermusa.

Tverrslaga ut mot fjorden skal difor framleis stå ope, forklarer Gjøstein Sundal.

– Dette legg til rette for at flaggermus skal kunne flytte inn i dei gamle tunnelane, som er eit positivt tiltak for naturmangfaldet, seier han.

Blaksettunnelane i Stryn

HØGT OPPE: Blaksettunnelen 1 og 2 skal murast igjen når den nye tunnelen forbi det smale partiet snart står klar. Då blir det fritt fram for flaggermusa.

Foto: Google Street View

Kan busette seg i det ledige rommet

Dei gamle tunnelane vart bygde på femtitalet, og tverrslaga vart i si tid sprengt ut for å kvitte seg med tunnelstein.

Det var under planlegginga av den nye tunnelen det kom forslag om å la tverrslaga stå opne for å kunne invitere inn dei flygande pattedyra.

Matias Gjøstein Sundal har ikkje eit tal på kor mange flygande gjester som kan sjekke inn, men håpar at det blir eit samlepunkt for både lokale og tilreisande.

Eit liknande grep vart gjort i Trondheim då ein gamal jernbanetunnel vart plombert.

Nordflaggermus som ligger i dvale i nedlagt koboltgruve

DVALE: Nordflaggermus som ligg i dvale i nedlagt koboltgruve.

Foto: Magne Flåten

Avhengig av sånne plassar

– Det kan godt hende at det blir ein kjempeplass for flaggermus. Dei er avhengig av ein plass med stabil temperatur for å overvintra, og vanlegvis gjer dei det i huler, seier Petter Bøckman, zoolog ved Naturhistorisk museum.

Bøckman roser ideen, og legg til at det er få naturlege huler i Noreg.

Han meiner slike plassar er heilt naudsynte for at flaggermusa skal klara seg gjennom vinteren. I vinterhalvåret er det lite flygande insekt dei kan livnære seg av.

Petter Bøckman er zoolog ved Naturhistorisk museum

POSITIV: Zoolog Petter Bøckman tykkjer flaggermushotellet i tunnelen er ein god ide.

Foto: Karsten Sund

Derfor går dei i dvale om vinteren på plassar der dei ikkje må regulere kroppstemperaturen for mykje og for ofte.

– Dei finn seg alltid ein plass, som er grunnen til at ein ofte finn flaggermus i gamle hus og røyr. Dei er på mange måtar eit offer for modernisering, forklarer Bøckman.

Det finst fleire grunnar til at det blir færre flaggermus i Noreg: intensivering av jordbruket, nedbygging av leveområde og lysforureining.

Den viktigaste årsaken er likevel arkitekturen, sa flaggermusforskar Jeroen van der Kooij til NRK 25. oktober.

– I dag er dei aller fleste artane i Noreg avhengige av bygningar. Det har vore eit samliv mellom menneske og flaggermus. Men når vi lagar hus i dag, så stenger vi alt ute, slik at det ikkje finst holrom for flaggermusa å bu i.

Blaksettunnelen i Stryn

MURAR IGJEN: Opningane i dei to Blaksettunnelane skal murast igjen, men ved å lata tverrslaga ut mot fjorden stå opne, er målet at dei gamle tunnelane skal losjere flaggermus.

Foto: Google Street View