Torleif Roksvåg. Foto: Torbjørn Fardal, NRK
Styreleiar Torleif Roksvåg i Nordfjord Kjøtt seier at kundane no vel norsk kjøt framfor det importerte frå utlandet.
- Forbrukarane har oppfatta at det er skilnad på den norske kjøtdeigen og den importerte, seier han.
Eit hardt slag
Salmonellafunnet i frosen kjøtdeig laga av importert polsk kjøt var eit hardt slag for Nordfjord Kjøtt i Loen, hjørnesteinsverksemda i Stryn med over 250 tilsette. Etter to funn av salmonella i ulike produksjonar drog verksemda all den frosne importerte kjøtdeigen attende frå marknaden. For deira del vil det seie butikkar innan Rema 1000-kjeden.
Salssvikt i Gilde
Det var Nordfjord Kjøtt og Slakteriet Fatland Ølen som selde mesteparten av dei 800.000 pakkane med frosen kjøtdeig der det kunne vere salmonella. I ettertid viser det seg no at konkurrenten Gilde si kjøtdeig av norsk kjøt også har fått ein salssvikt på mellom 10 og 15 %.
Kutta importkjøtdeig
Nordfjord Kjøtt har slutta å selje utanlandsk kjøtdeig. Det er årsaka til at dei totalt sett har endå større tilbakegang enn Gilde, seier Torleif Roksvåg. Han kan enno ikkje seie noko om kva salmonellafunnet har kosta bedrifta.