Hopp til innhold

Ndure i kjempform i Florø - beste sesongstart på seks år

Det blei ein knallstart for Jaysuma Saidy Ndure under Flora Indoor laurdag. Det er seks år sidan sist han opna like raskt.

Jaysuma Saidy Ndure

I KJEMPEFORM: Jaysuma Saidy Ndure sprang inn til 6.62 på 60-meteren i Florø laurdag.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Dette er bra trening, tre løp, og 60 meteren er eg svært fornøgd med.

Og det kan han gjerne vere, for han sprang nemleg inn til 6.62, noko som held til banerekord. Persen er 6.55 frå eit stemne i Gent i 2008.

– Forma den er bra, eg har fått trent bra i år. No er det berre å vente til sommaren, seier Ndure og smiler.

Litt tynn deltaking

Stemnesjef rune Osa

NØGD MED RESULTATA: Stemnesjef Rune Osa.

Foto: Erik Hildal / NRK

Smilte gjorde også stemneleiar Rune Osa.

– Det har vore eitt flott stemne. Litt tynn deltaking, men mange gode resultat.

Tynn deltaking kva er grunnen til det?

Jaysuma Saidy Ndure

POPULÆR: Mange ville ha ein bit av Ndure.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Årsaka til det er nok at det er fleire stemne no både i Bergen og Møre og Romsdal. I tillegg er ein del av utøvarane våre på Austlandet i Sverige på eit stemne der.

– Neste år kjem vi nok til å køyre stemnet litt seinare, kanskje i slutten av februar, men det må vi sjå i forhold til terminlister og dei andre arrangørane, seier Osa.

Sterk 100-meter også

Heimehåpet Jostein Joshua Fossøy sprang 60-meteren på 7.01. I fjor sette han krinsrekord på 6.87. På 100-meter sprang han på 11.17.

Ndure leverte sterke 10.31 på 100-meteren, noko svakare enn den norske rekorden innandørs i fjor (10.19).

Jaysuma Saidy Ndure som har vore i Florø fleire gonger, og sagt at han elskar kystbyen, såg ut til å storkose seg. Smilande gjekk han rundt i hallen, og tok seg god tid til å helse på dei aller yngste som hadde møtt fram.

Alle resultatlistene kan du sjå her.

Jaysuma Saidy Ndure

HELSTE PÅ PUBLIKUM: Jaysuma Saidy Ndure såg ut til å storkose seg i Florø, og hadde god tid også til dei aller minste.

Foto: Eirik Hildal / NRK