Hopp til innhold

Navarsete kom til Sogn med julegåve

Samferdsleministeren opna Fatlatunnelen - og presenterte årets julegåve frå henne.

Video nsps_upload_2008_12_19_18_53_1_793.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Fram til 1. januar blir det nemlig gratis å køyre gjennom tunnelen, som tek vekk det svært rasfarlege Fatlaberget på riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger.

- Eg er veldig glad. Det var ei av dei første sakene eg la inn i budsjettet for 2006. Det er stas å både vere med på å få prosjektet i gang og å kunne opne det, sa Navarsete.

- Blanda vemod

Det har vore nære på for fleire bilistar som har fått bilen sin truffen av stein i Fatlaberget. Og i fjor haust kravde Fatlaberget sitt første menneskeliv . Samferdsleministeren kjende den omkomne . Ein periode etter ulukka gjekk det båtrute forbi Fatlaberget.

- Akkurat no kjennes det veldig godt ut. Sjølv om det er blanda med litt vemod akkurat her i Fatlaberget, vedgjekk Navarsete kort tid etter at ho i dag opna vegen.

Liv Signe Navarsete opna tunnelen.

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete opna Fatlatunnelen.

Foto: Steinar Lote / NRK

- Gjort godt arbeid

Tunnelen har allereie vore i bruk ei god stund. Vegen forbi Fatlaberget har vore stengd sidan byrjinga av desember, nettopp på grunn av steinras. Samferdsleministeren kom til Sogn i helikopter. Ho gav den lokale rasgruppa, ved Kai Lille-Homb, æra for det store fokuset som rassikring har fått på nasjonalt plan.

- Dette har vore ei av dei aller verste rasstrekkene på landsbasis. Det har vore veldig mykje fokus og det er gjort godt arbeid lokalt. Rassikringsgruppa har bygd seg ut til ein nasjonal organisasjon, sa Navarsete før ho tok juleferie.

Fått skunda fram

Før den offisielle opninga fann stad, gjekk 260 små og store gjennom tunnelen. I front gjekk ordførarane i Sogndal og Leikanger, Jarle Aarvoll og Olav Lunden. Også ordførarane poengterte jobben som både samferdsleministeren og rassikringsgruppa har gjort.

- Det er ein kjempeflott dag i dag. Vi er komen i den situasjonen der vi kan ta trafikken inn i berget, sa Lunden. Prosjektet vart framskunda då kommunane gjekk saman om bompengefinansiering. I Nasjonal Transportplan tidleg på 2000-talet, var rassikringsprosjektet først lagt inn i perioden 2012-2016.

- No er det trygt

Lille-Homb var også ein gald mann i dag.

- Det er befriande. No kan alle køyre her trygt og godt. Vi kan slappe av, senke skuldrane og tenke at no er det greitt å køyre mellom Sogndal og Leikanger, sa han.