På veg til vegopning i Lærdal 3. september skal bilen med samfersleminister Liv Signe Navarsete ha køyrt langt over fartsgrensa.
To journalistar frå avisa Nationen køyrde like bak, og har fortalt at bilen med samfersleministeren
.Seniorrådgjevar Dag H. Nestegard sat bak rattet og har
.Avhøyrde på telefon
Lærdal lensmannskontor har
på føraren av bilen til Navarsete og journalisten i Nationen. Til NRK seier konstituert sjefsredaktør Håkon Barstad i avisa, at .- Samtlege av dei som var i bilen vil bli avhøyrde på telefon, seier fungerande lensmann i Lærdal Per Klingenberg.
I tillegg til Navarsete og Nestegard må også stortingsrepresentant Erling Sande som sat i baksetet, til avhøyr. Avhøyra vil bli teke fortløpande, truleg denne veka.
Rask avklaring
- Det er for å få bekrefta eller eventuelt avkrefta om det har vore stor fart, seier Klingenberg.
- Navarsete har sagt at ho ikkje merka noko til farten?
- Det vil avhøyret vise, seier han.
Klingenberg reknar med ei rask avklaring i forhold til om det vert teke ut tiltale mot førarane.
- Det vil skje så snart som mogleg etter at avhøyra er ferdige, sidan det har vore så mykje blest i avisene, seier han.
Førarane vil eventuelt bli straffa med bøter.