– Eg fekk meldinga eit og eit halvt døgn etter gravferda til mora mi. Det gjorde at det slo ekstra hardt ned, seier Navarsete til NRK.
Det var Nationen som melde dette først.
– I ein sånn situasjon er ein ekstra sårbar. At meldinga kom rett etter gravferda er ekstra vondt, seier ho.
– Då eg høyrde om hytteturen, så gjorde ikkje det saka enklare. Eg er sikker på at eigaren av telefonen ikkje har gjort dette.
– Har du ei magekjensle på kven som har gjort det?
– Nei, det har eg ikkje, seier Navarsete.
No er det opp til generalsekretæren i Senterpartiet, Knut M. Olsen, til å gjere det han kan for å finne ut av kven som står bak meldinga.
– Eg har kontakt med alle dei involverte og har tett kontakt med Liv Signe. Folk skal vere trygge på at vi tek varslarsaker på det største alvor, seier Olsen.
ANSVARET: Knut M. Olsen har overteke ansvaret for å kome til botn i saka om meldinga til Navarsete.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpixNavarsete er glad for all støtte dei siste dagane. No ber ho nokon ta ansvar.
– Tek ikkje nokon eit ansvar for denne melding, så vil saka leve sitt eige liv vidare. Håpet mitt no er at generalsekretæren får avslutta dette på ein grei måte. Det er viktig for partiet sin del av dette vert rydda opp i, seier Navarsete.
- Les også: