Hopp til innhold

Nav-sjefen slår alarm: – Fleire må i arbeid om me skal behalda velferdssamfunnet vårt

Kvar tredje nordmann i arbeidsfør alder fekk pengar frå Nav i fjor, og utbetalingane til uføre auka med 6 prosent. I snitt betalte Nav ut 1,2 milliardar kroner kvar einaste dag gjennom heile 2018.

Sigrun Vågeng

– MÅ FÅ FLEIRE I ARBEID: – Det er liten tvil om at me må få fleire i arbeid i åra som kjem for å kunna halda ved like det velferdsnivået me har i dag, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Alderspensjon på 216,5 milliardar kroner utgjorde halvparten av Nav sine utbetalingar i 2018. Det er ei auke på 5 prosent frå 2017 – medan utbetalingane til uføretrygd auka med 6 prosent.

Nav-direktøren er uroa over det sistnemnde talet.

– Statistikken viser at arbeidsmarknaden er i betring, men at me samstundes har ein aldring i befolkninga og ei bekymringsfull auke av uføretrygd, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.

Telemark, Østfold og Hedmark fekk utbetalt flest Nav-kroner per innbyggjar, med over 90.000 kroner. Fylka som fekk utbetalt minst per innbyggjar var Oslo, Rogaland og Akershus.

– Må få fleire i arbeid

Anne Kverneland Bogsnes

VIL HA POLITIKARANE PÅ BANA: – Eg synest det hastar, for me har så gode ordningar i dag, seier Nav Vestland-direktør Anne Kverneland Bogsnes.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Det som er urovekkande, er at gruppa med unge uføretrygda aukar, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland.

I hennar område, Hordaland og Sogn og Fjordane, har beløpet til uføretrygdeutbetalingar auka med høvesvis 7 og 3 prosent frå 2017.

Det plasserer Hordaland heilt i toppsjiktet. Men fleire fylke har liknande tal. Det uroar Nav-toppane.

– Me er privilegerte som lever i eit land der fellesskapet kan hjelpa enkeltmenneske som har behov for det, men det er liten tvil om at me må få fleire i arbeid i åra som kjem for å kunna halda ved like det velferdsnivået me har i dag, seier Sigrun Vågeng.

– Me er nøydde til å få fleire i arbeid om me skal klara å behalda velferdssamfunnet me har i dag, seier Anne Kverneland Bogsnes.

Ein av tre fekk stønad frå Nav: – Det hastar

Utbetalingar til uføretrygd og yrkesskade utgjorde 86,3 milliardar kroner til 369.500 personar.

Kvar tredje person i arbeidsfør alder i Noreg fekk ei livsopphaldsyting frå Nav på eit eller anna tidspunkt i løpet av 2018.

I gjennomsnitt mottok kvar innbyggjar i Noreg 81.200 kroner frå Nav i 2018. Det er kring 1000 kroner meir enn året før.

Nav-sjefen i Vestland meiner politikarane må på banen.

– Eg synest det hastar, for me har så gode ordningar i dag. Eg skulle ønska at politikarane såg på utviklinga, og om det er noko dei kan gjera innan enkelte av ytingane og goda me har i velferdssamfunnet vårt, seier Bogsnes.