Syriske Yaman trengte hjelp på jobbmarknaden – no lærer han norsk på jobb hos Ikea

Flyktningar og innvandrar slit ekstra med å få jobb under pandemien. No skal eit sukses-samarbeid mellom Nav og Ikea frå Noreg ut i verda.

Yaman Jaara på språktrening på IKEA

LÆRER NORSK: Yaman Jaara får lært norsk samtidig som har får praktisert yrket sitt.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Yaman Jaara studerte til å bli interiørdesignar i Aleppo i Syria, men rakk aldri å fullføra før krigen i landet braut ut.

No er han på plass i splitter ny jobb hos Ikea i Bergen. Her han blitt del av eit samarbeid mellom Nav og Ikea.

Det heiter «Broen til jobb» og er spesifikt retta mot nokon av dei som har det ekstra vanskeleg på jobbmarknaden no: Flyktningar og innvandrar.

No har prosjektet spreidd seg til heile Noreg og skal vidare ut i verda hos Ikea.

På vegen til Noreg har Jaraa jobba to år som interiørarkitekt i Tyrkia. No har han fått språkpraksisplass på Ikea i Bergen.

Det passar han midt i blinken.

– Eg bruker erfaringa eg har frå før. Eg har lært om skandinavisk interiørstil, og det er veldig spennande.

68 prosent fekk jobb

To dagar i veka jobbar han på varehuset. Han skal ha praksis til desember, og rettleiaren hans trur dei kan gi kvarandre impulsar begge vegar.

– Han har mykje arbeidserfaring, og er derfor eit veldig godt tilskot til oss, seier interiørdesignar Berit Katrine Aasbø ved Ikea Bergen.

I Oslo, der prosjektet er testa ut, fekk 68 prosent jobb etter praksisperioden, ifølgje Nav.

Yaman Jaara på språktrening på IKEA.

RETTLEIAR: Interiørdesignar Berit Katrine Aasbø (t.h.) ved IKEA Bergen rettleier Yaman Jaara to dagar i veka.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Totalt er elleve norskpraktikantar i sving ved varehuset.

– Vi har mellom anna ein rekneskapsførar, ein arkitekt og ein som har drive den største restauranten i verda i Tyrkia med 3000 gjester dagleg. Vi har eit mangfald av praktikantar, seier Solrun Hitland, marknadssjef på Ikea i Bergen.

Viktig tilbod no

Ei slik praksisordning er særleg viktig no, ifølgje Anne Kverneland Bogsnes, direktør for Nav Vestland.

Flyktningar slit aller hardast på arbeidsmarknaden under koronapandemien.

– Mange flyktningar og innvandrarar er arbeidsledige no. Å få i gang eit slikt prosjekt, synest eg er kjempefint, seier ho.

Nav, Bergen kommune og Ikea samarbeid om prosjektet. Avtalen mellom Nav og Ikea starta lokalt og er no blitt nasjonal.

Solrund Hitland, markedssjef på Ikea Bergen

TILBYR JOBB: Solrun Hitland, marknadssjef på IKEA i Bergen, seier fleire ønskjer jobb på Ikea etter at praksisperioden er ferdig.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Springbrett for mange

No skal alle Ikea-varehus i verda vera med på liknande prosjekt.

Marknadssjefen seier arbeidet er eit springbrett for mange.

– Mange har fantastisk gode utdanningar og hadde kanskje ikkje tenkt på å jobba på Ikea. Vi håpar at fleire får trena seg på norsk og få litt på CV-en her, slik at dei kan oppnå draumen og få jobben dei verkeleg ønskjer seg, seier Hitland.

Ber bedrifter bidra

Francine M. Jensen er Navs prosjektkoordinator for tilbodet. Ho håpar fleire bedrifter gjer som Ikea.

– Det er betre å læra språket på ein arbeidsplass enn å vera i eit klasserom. På jobb kan dei møta kollegaer og snakka om ting på norsk, seier ho.

Francine M. Jensen i NAV

VIL HA FLEIRE MED: Francine M. Jensen i Nav håpar fleire bedrifter kan tilby norskpraksis for innvandrarar i Noreg.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ifølgje marknadssjef Hitland er det moglegheit for å få jobb på Ikea etter enda praksisperiode.

– Viss nokon trivst med det og har lyst til å vera her, så er det fullt mogleg at dei kan få jobb her.

– Eg har høyrt at det er stor sjanse for å få jobb her, seier Jaara.