Hopp til innhold

NAV lei dårlege unnskyldningar

Manglande husrom og dårleg økonomi er ikkje god nok forklaring på kvifor kommunane ikkje tek imot flyktningar, meiner NAV.

Asylmottak Florø

SA JA TIL 45: Flora busette 45 flyktningar i fjor og skal halde fram med å busette i år. Her frå Solbakken asylmottak.

Foto: Bård Siem / NRK

– Å busetje flyktningar er det same som å drive skular og andre kommunale tenester. Vi forstår ikkje kvifor dei ikkje byggjer hus, seier Knut Steinar Eitungjerde i NAV.

– Er ikkje ansvarlege

Knut Steinar Eitungjerde

LEI: – Kommunane har ikkje gode forklaringar på kvifor dei ikkje buset flyktningar, meiner Knut Steinar Eitungjerde i NAV.

Foto: Fylkestrygdekontoret

Manglande husvære, dårleg råd, lite fagmiljø og frykt for dårleg integrering er nokre av årsakene til at heile åtte kommunar i fylket ikkje busette flyktningar i fjor.

Nye tal frå IMDI viser at Sogn og Fjordane skulle busett over 400, men klarte berre å finne hus til 226 personar.

– Det er svært overraskande at kommunane framleis ikkje tek ansvaret sitt og tek dette på alvor. Det er dårleg planlegging og dårleg leiing, seier Eitungjerde.

Dermed har IMDI, integrerings- og mangfaldsdirektoratet, fleire tusen flyktningar som sit i mottak i landet og ventar på ein kommune, fortel seksjonsleiar på Vestlandet, Kofi Amankwah.

Flora på topp

Frida Melvær

SATSAR NO: – Vi har ikkje hatt så stort fokus på dette tidlegare, men eg er glad for at vi tek vår del av samfunnsansvaret og buset no framover, seier ordførar i Askvoll Frida Melvær.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes

– Det er mykje arbeid og det er svært viktig at kommunane tek ansvaret sitt og buset dei som treng husrom, seier han.

Balestrand, Aurland, Askvoll, Gaular og Naustdal vart spurde om dei kunne busetje ti personar kvar. Ingen av dei sa ja.

Flora busette flest, heile 45 personar fekk tak over hovudet i kystbyen.

– Vi er klare på at vi no skal ta imot flyktningar og har rigga oss for det, seier ordførar i Askvoll Frida Melvær.

Startar no i Askvoll

Jenny Følling

TRENG HUS: – Husbanken har gode vilkår for kommunane og det er viktig at vi alle tek ansvar for at flyktningar som sit på mottak får ein stad å bu, seier KS-leiar Jenny Følling.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Kvifor har de ikkje gjort det før?

– Det har ikkje vore hus eller kapasitet i kommunen tidlegare, seier ho.

– Men det er ikkje noko nytt at IMDI treng hjelp frå kommunane til å busetje flyktningar?

– Nei, det er det ikkje og vi har nok ikkje hatt så mykje fokus på dette tidlegare.

Vi er eit av dei fylka i Noreg som buset færrast, og som er tregast med å legge til rette for busetnad. Men KS-leiar Jenny Følling forsvarer kommunane.

– Dei oppgjev tre årsaker til kvifor dei ikkje tek imot flyktningar eller vegrar seg på jobben. Økonomi, hus og logistikk. Det er vanskeleg å busetje nokon i eit hus som ikkje finst, seier Følling.

KS skal i mars ta temaet opp på fleire møter for å få fortgang i busetnaden av flyktningar.