Nav-kontor i Bergen held stengt

Alle Nav-kontor i Bergen held stengt onsdag etter knivangrepet på Nav Årstad, der ei kvinne i 50-åra vart drepen og ei kvinne i 30-åra vart lettare skadd. Nav-kontoret på Årstad vil i fyrste omgang halde stengt til og med 24. september. Det vil bli vurdert i løpet av dagen om dei resterande kontora vil opne i morgon.

Blomar ved Nav Årstad tirsdag
Foto: Leif Rune Løland / NRK