Hopp til innhold

Lise tapte 100.000 på to timar – Nav har enorm pågang

SOGNDAL/NORDFJORDEID (NRK): Kafé-eigar Lise Sundberg tapte 100 000 på to timar. Nav får permitteringsvarsel over heile landet.

Lise Sundberg på Kafe Krydder i Sogndal

TAP: Lise Sundberg på Kafe Krydder i Sogndal

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

– På eit par timar i går mista eg catering-oppdrag for over 100.000 kroner, seier Sundberg.

Lise Sundberg eig Kafe Krydder i Sogndal. No er ho blant dei tusenvis som kjenner følgjene av korona-pandemien på lommeboka.

Sundberg har 23 på lønslista, dei aller fleste studentar på tilkalling.

– Eg synest synd på dei tilsette som mister ei inntekt dei hadde kalkulert med. Folk treng pengane sine, seier Sundberg.

Tomme bord og stolar på Kafe Krydder i Sogndal

LITE FOLK: Få var freista til å gå på kafé i Sogndal i dag.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

Nav har enorm pågang

Direktør i Nav Vestland Anne Kverneland Bogsnes seier det kjem varslar om permitteringar alle stadar.

– Vi får munnlege signal om hundrevis av permitteringar. Det er uoversiktleg no, men det er ingen tvil om at det er mykje på gang, seier Bogsnes.

Pågangen er så stor på Nav sine tilsette at Bogsnes oppmodar arbeidsgjevarar og permitterte å bruke Nav sine nettsider for hjelp.

– Med den pågangen vi har no er det viktig. Om folk ikkje finn hjelp må dei kontakte Nav-kontoret sitt, er kontoret stengt skal dei finne kontaktinformasjon ved døra.

Sentralbanken bestemte seg i dag for å sette ned renta til 1 prosent. Samstundes melder reiselivet om blodraude tal og avbestillingar.

Regjeringa kom i dag med sine krisetiltak som er venta å koste 6,5 milliardar kroner. Mellom anna ein reduksjon av lønsplikt for arbeidsgjevarar ved permittering. (Sjå faktaboks).

Kjem varslar frå alle stadar

Ulf Andersen, statistikksjef i Nav, seier dei per no ikkje veit kor mange som har fått permitteringsvarsel.

– Vi vil gi nye oversikter kvar veke, men akkurat no er vi litt blinde. Måndag veit vi meir.

Nav ventar ei kraftig auke. Særleg innan reiseliv, serviceyrke og kultur.

– Det er veldig få verksemder som er urørt, kanskje berre apotek og matbutikkane, seier Andersen

Dei ferskaste tala, for januar månad, viser 3000 permitterte dagpengemottakarar i Noreg.

– Kor høgt talet blir no er uhyre vanskeleg å vite. Under finanskrisa var det 21 000 permitterte, seier Andersen.

– Det er heilt surrealistisk

I frisørbransjen er det heilt stopp. Alle frisørsalongar er stengt i to veker.

Anne Tove Thorsnes og Kari Flaten driv Fin frisør på Nordfjordeid, i lokala jobbar det til vanleg sju menneske, no er det stille og mørkt.

– Det er litt surrealistisk, eigentleg, seier dei til NRK

Anne Tove Thorsnes og Kari Flaten

TOMT: Anne Tove Thorsnes og Kari Flaten har sendt permitteringsvarsel til dei tilsette.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Salongen har sendt permitteringsvarsel til fire medarbeidarar, ein fotterapeut som leiger eige rom i lokalet har også låst døra.

Fleire av dei tilsette er småbarnsforeldre. Frisørane er spent på kor lenge stenginga vil vare. No er mykje usikkert.

– Vi tenker på alle tilsette, alle salongane som må stenge. Det blir tøffe tider, seier Thorsnes.