Hopp til innhold

Mista mora i knivangrepet på Nav: – Ho gjorde kva som helst for at alle skulle ha det bra

Dei fire barna til Marianne Amundsen (57) fortalde retten om tapet av mora. – Ho vart riven frå oss utan forvarsel. Vi vil alltid mangle noko resten av livet.

Marianne Amundsen, kvinne med hvit frakk smiler mot kamera

DREPT: Marianne Amundsen (57) blir av dei etterlatne skildra som limet i familien. – Saknet er ubeskriveleg stort, sa eitt av dei fire barna til tingretten fredag.

Foto: Ole Myklebust Amundsen

Sven Erik Amundsen sette seg i vitneboksen i Hordaland tingrett fredag ettermiddag. Han er eitt av dei fire barna til Marianne Amundsen, som vart drepen på Nav Årstad i fjor haust.

Til retten fortalde sonen om korleis syskenflokken på tre brør og ei syster tok imot den brutale beskjeden på morgonen 20. september i fjor.

– Vi har mista grunnmuren vår. Vi må, på eit vis, lære oss å leve utan henne. Kvar dag, kvar bursdag, kvar dåp, bryllaup, høgtid, må vi oppleve utan henne, fortalde Amundsen til retten.

Var på jobb i utlandet

Ein 40 år gamal mann er tiltalt for drap og drapsforsøk etter å ha angripe 57-åringen og kollegaen hennar Ida Aulin (30) inne på eit samtalerom.

Drapet er i retten blitt skildra som «bestialsk». På 29 sekund knivstakk 40-åringen Amundsen 47 gonger og Aulin tre gonger.

Storebroren til Marianne – Jeg føler jeg burde vært i rommet og beskyttet henne

Pål Gerhard Olsen

Sven Erik Amundsen fortalde at han var på jobbreise i Canada då drapet skjedde. Han bråvakna om natta på hotellrommet av at ein kollega banka hardt på døra og at mobilen var full av ubesvarte anrop og tekstmeldingar.

– Reisa heim var lang. Berre tankane mine som selskap. Eg danna meg raskt eit bilete av kva som hadde skjedd. Brutaliteten, valden og blodet som flyt. Desse bileta snurra på repeat i hovudet mitt dei neste månadane, fortalde han.

Sladdet, Samtalerommet på Nav Årstad

ÅSTAD: Angrepet skjedde inne på dette samtalerommet på Nav Årstad.

Foto: Politiet

– Limet i familien

Både sonen, og etterpå broren, skildra Marianne Amundsen som limet i familien.

– Mamma var open, hardtarbeidande og alltid til stades for familie, vener og kollegaer. Ho gjorde kva som helst for at alle rundt ho skulle ha det bra. Ho var vår største stjerne, motivator og støttespelar, sa Sven Erik Amundsen.

– Marianne var utruleg viktig for familien. Ho var limet og bindeleddet mellom alle. Eg har alltid beundra ho for kor sterk ho var og korleis ho som aleinemor klarte å skape eit fantastisk tilvære for dei fire barna sine, sa broren Pål Gerhard Olsen.

Han fortalde også at foreldra deira, begge på over 90 år, har tatt tapet av dottera svært tungt.

– Eg såg lyset i augo deira kvar gang Marianne kom på besøk til dei. Mot alle odds har dei overlevd dette sjokket, men vi skjermar dei mot belastninga denne rettssaka er.

Pål Gerhard Olsen

TØFT: Pål Gerhard Olsen er broren til Marianne Amundsen som vart drepen på Nav Årstad. Han etterlyser ei unnskyldning frå Nav og fortalde retten at dei opplever manglande erkjenning frå Nav-leiinga om at tryggleiken ikkje var god nok. - Det aukar sorga og legg stein til byrden, sa han til retten.

Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK

– Offer for systemsvikt

Bistandsadvokat May Britt Løvik leste så opp brev som resten av syskenflokken hadde skrive til retten.

I skildringa frå dottera Helene kom det fram at ho var på jobb offshore då drapet skjedde. Ho måtte difor hentast med helikopter og kom heim over eitt døgn etter.

– Dagane og vekene etterpå var ubeskrivelege. Eit levande mareritt, med skuldkjensle, sorg og sakn, las Løvik opp frå skrivet til dottera.

Ho har tatt utdanning innan tryggleik og beredskap. Til retten gjentok dottera det familien tidlegare har ytra om tryggleiken på arbeidsplassen til mora.

Mamma er offer for ein større systemsvikt. Det var mannen med kniv som drap ho, men det var mangel på barrierar som gjorde det mogleg, skriv Helene i sitt brev til retten.

Nav har tidlegare svara fleire gonger på skuldingane frå familien:

«Det er alltid stemmen din jeg hører»

Vitneskildringane til dei etterlatne vart avslutta med at bistandsadvokat Løvik las eit dikt av Trygve Skaug, etter ønskje frå dottera:

Mamma

Jeg står her nå

Rett opp og ned

Fordi du lærte meg

Å finne ut av det sjøl

Ikke krabbe rundt

På alle fire og se verden

Nedenfra og opp

Men å reise meg

På nytt og på nytt

Det er alltid din stemme

jeg hører

når jeg trenger at noen sier

sånn ja, opp igjen

Dikt av Trygve Skaug

Siste dag på måndag

Den tiltalte mannen erkjenner å stå bak handlingane, men meiner han var psykotisk.

Det er både påtalemakta og rettspsykiatrane usamd i.

Det er likevel hovudspørsmålet som retten må ta stilling; om mannen kan dømmast til fengsel eller må overførast til tvungen psykisk helsevern.

Statsadvokat May-Britt Erstad har varsla at det kan bli lagt ned påstand om forvaringsstraff for den tiltalte 40-åringen. Ho held sin avsluttande prosedyre på måndag, som også blir rettens siste dag.

Les alt om rettssaka etter Nav-drapet:

Les også Psykiater om Nav-drapet: Kan ikke forklare hvorfor han drepte

Kirsten Rasmussen og Gunnar Johannessen. Rettspykiatrisk sakkyndige Nav-drapet.

Les også Blei vitner til knivangrepet på Nav-kontoret: – Det var så massiv vald og aggresjon

Samtalerommet på Nav Årstad, på avstand

Storebroren til Marianne – Jeg føler jeg burde vært i rommet og beskyttet henne

Pål Gerhard Olsen

Etterlatte sine krav til Nav – Nav burde beklage offentlig, for det har de aldri gjort

Nav-samtalerom på Årstad i Bergen

Ida (30) ble angrepet – Det mørkeste blikket jeg har sett

Tiltalte og advokat Morten Grimstad i rettssaken etter Nav-angrepet