Pengane kommunen allereie har kravd inn skal gå til asfaltering i sentrum, etter initiativ frå nemnda som kjempa mot eigedomsskatt. Og det trur Joar Stegane, som kjempa mot eigedomsskatten, at innbyggjarane vil gå med på.
Då Naustdal kommune innførte eigedomsskatt i Naustdal sentrum, gjekk innbyggjarane til sak mot kommunen. Dei tapte i tingretten, men vann seinare i Gulating lagmannsrett. Og det var då nemnda mot eigedomsskatt kom med eit tilbod til kommunen. Dersom saka ikkje vart anka til Høgsterett, skulle innbyggjarane avstå dei 2,1 millionane som kommunen vart pålagt å betale tilbake. Pengane skulle gå til ei sårt tiltrengt asfaltering i Naustdal sentrum.
Og no håpar ordførar Jan Herstad at så mange innbyggjarar som mogleg avstår pengane dei har krav på. Sjølv seier han at det er uheldig for kommunen å ligge i konflikt med eigne innbyggjarar, og at sjansen for å tape i Høgsterett var for stor.