Om lag 40 av landets 2100 basestasjonar for naudnettet har vore ute av drift sidan 22-tida måndag kveld, som følge av straumbrot. Det stadfestar Direktoratet for naudkommunikasjon ovanfor NRK.
I Hordaland var 10 av 190 basestasjonar ute av funksjon samstundes, i dei fem kommunane Vaksdal, Lindås, Masfjorden, Osterøy og Radøy.
– Vi er nøgde
Pressevakt Kristine Utheim i direktoratet seier hovudårsaka i dei aller fleste tilfella ser ut til å vera straumbrot.
– Vi er nøgde med at naudnettet har klart seg bra gjennom «Urd», med berre nokre få utfall fordelt langs heile kysten frå Nordland til Agder. Vi hadde større problem med utfall under ekstremvêret «Tor», så samanlikna med den gongen gjekk det bra no.
NØGD: – Naudnettet klarte seg bra gjennom «Urd». Betre enn under «Tor», seier pressevakt Kristine Utheim i Direktoratet for Naudkommunikasjon.
Foto: Direktoratet for Nødkommunikasjon- Les også:
– Kva alternativ har naudetatane viss dei må jobba i eit område der naudnettet ikkje har dekning fordi basestasjonen er ute av drift?
– Sjølv om brukarane som er i området mistar naudnettsambandet til resten av landet, kan dei framleis bruka naudnettet med lokal dekning og som ein direkteradio, altså «walkie talkie», seier Utheim.
– Altfor dårleg
– Det er eit kjent problem at naudstraumsberedskapen i Noreg er for dårleg, seier Morten Ørn, leiar for fellesoperativ eining i Vest politidistrikt.
– ALTFOR DÅRLEG: Morten Ørn i Vest politidistrikt seier det er allment kjent at naudstraumberedskapen for naudnettet ikkje er god.
Foto: Mikal Olsen LerøenHan viser til ein to år gamal rapport på direktoratets heimeside som drøftar risikoen og svakheiter ved naudnettet som vart innført i 2015.
– Når det er straumbrot på basestasjonar, kan ein likevel bruka naudnettet lokalt, men det er ei reserveløysing som ikkje er fullgod, seier Ørn.
Han seier politiet ikkje merka eller vart hindra då ti naudnettstasjonar i Hordaland vart slått ut under ekstremvêret i går og i natt.
– Naudstraumsystemet for det nye naudnettet er ikkje godt, og langt dårlegare enn i til dømes Sverige og Storbritannia, seier Ørn til NRK.
Veit ikkje kor mange som svikta
Alle basestasjonane har reservestraum for minst åtte timar, åtte prosent har nok til 20 timar, og 15 prosent har nok til 48 timar. Likevel har omlag 40 stasjonar altså svikta på same tid.
40 av 2100 SVIKTA: Kvar 50. basestasjon for naudnettet svikta på same tid, og er framleis ute av drift.
Foto: Arne VeumDirektoratet iverksette tiltak for å få reservestraumen til å vara lenger, slik at dei kunne auka tida på reservestraum frå åtte til 12–14 timar.
Naudnettet er det nyetablerte sambandssystemet for dei offentlege naudetatane og dei frivillige redningsorganisasjonane.
Direktoratet for naudkommunikasjon veit førebels berre kor mange basestasjonar som svikta samstundes – ikkje kor mange stasjonar som totalt har vore nede.