Hopp til innhold

Naudnettet blir dyrast for distrikta

FLORØ (NRK): Medan Bergen og Oslo kommune betalar mellom to og fire kroner i året per innbyggjar for naudnettet, må mindre kommunar ut med summar på opp mot 300 kroner.

Nødnett radioer

DYRT: For dei mindre kommunane vert overgangen til naudnett langt dyrare enn for dei store.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Det nye naudnettet som skal betre kommunikasjonen mellom naudetatane har vore etterlengta, men kostnadsfordelinga er ikkje like populær.

– Distrikts-Norge får den største kostnaden og det synest eg er feil. Hadde det vore berre litt skeivt kan det hende vi hadde svelgt den kamelen, men med så store sprik mellom bygd og by så synest eg det er rett å reagere, seier Terje Brandsøy, som er dagleg leiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Fleire radioar per innbyggar

I dag må kommunane betale avgift for kvar radio dei har. Men fordi distriktskommunar har mange deltidstilsette som alle må bere radio, blir det fleire radioar i høve til innbyggartalet enn i større sentrumskommunar. Dermed blir det også høgare utgift per innbyggar.

– Kommunar med mange spreidde brannstasjonar må ha større innkallingsstyrkar og fleire radioar i høve til talet på innbyggarar, enn byar med fleire innbyggarar og ei meir fast vaktordning, forklarar Brandsøy.

Terje Brandsøy Alarmsentralen

OPPMODAR TIL KAMP: Det er viktig at distriktskommunane brukar moglegheita til å seie i mot dagens betalingsordning for naudnett, meiner dagleg leiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane. Hans eigne utrekningar syner skeive tal i kostnader til naudnett.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Ser ein vekk frå kostnaden for Alarmsentralane, kostar naudnettet årleg 3,5 kroner per innbyggar i Bergen kommune, og i Oslo er tilsvarande sum 2,28 kroner. Til samanlikning må mindre kommunar i Sogn og Fjordane og Hordaland ut med alt mellom 10 og 300 kroner.

KS krev kompensasjon

Jenny Følling avsluttande valdebatt 2015

IKKJE NØGD: Jenny Følling, KS-leiar i Sogn og Fjordane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Dette er ikkje godt nok, meiner KS-leiar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling. Dei har teke saka vidare nasjonalt, og Følling vil ha meir kompensasjon og jamnare kostnadsfordeling.

– Det blir veldig bra med naudnettet, men ein må få dekka kostnadane så det ikkje belastar andre tenester, og det må vere ei fordeling som fangar opp kostnadane kommunane har.

Hos Direktoratet for Nødkommunikasjon er dei bevisst på den skeive fordelinga.

– Vi er klare over at betalingsordninga gir ulike utslag, men hovudprinsippet er at ein naudnettradio som vert brukt om lag like mykje, skal koste om lag like mykje, seier informasjonssjef Gunnel Helmers.

Skal vurdere betalingsordninga

– Dagens betalingsordning vart bestemt av ei arbeidsgruppe i samarbeid med naudetatane og KS, seier Helmers.

I løpet av første halvdel av 2016 skal direktoratet, på oppdrag frå Justisdepartementet, vurdere ordninga.

– Då er vi interesserte i innspel frå naudetatane for å kome med framlegg til korleis dette kan løysast betre, seier Helmers.

Ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane meiner Terje Brandsøy at kostnadane bør fordelast ut frå innbyggartal, og han manar distrikta til kamp.

– Det er viktig at kommunane no kjenner si besøkstid og protesterer så lenge som det er mogleg, før det vert teke ei endeleg avgjerd.