Hopp til innhold

Kommunen er i mot gigantbru – sel aksjane til Naturvernforbundet

Bjørnafjorden kommune sel aksjane sine i lobbyselskapet som jobbar for milliardveg gjennom kommunen, til motstandarane i Naturvernforbundet.

Hordfast med bru over Bjørnafjorden E39 Hordaland 2019

Bjørnafjorden: Brua over Bjørnafjorden på E39 vil bli 5 kilometer lang.

Foto: Illustrasjon Statens vegvesen / Vianova/Baezeni

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Aksjane har vore til sals sidan i sommar. Ingen andre enn Naturvernforbundet har kome med bod, seier ordførar Trine Lindborg (Ap).

E39 Hordfast, med 50 kilometer motorveg og fem kilometer lang bru over Bjørnafjorden, kan koste 36 milliardar kroner.

Os kommune var tidlegare aksjonær og ivra for motorvegen, men den nye storkommunen Bjørnafjorden har eit anna standpunkt.

Ordførar Trine Lindborg (Ap) meiner tida har sprunge frå gigantbrua. Kommunen vil heller ha ein annan indre trasé.

– Det kjem også ny teknologi med ei ny utvikling innan ferjedrift, og vi ynskjer ikkje å rasere naturen vår på denne måten.

Lindborg meiner koronapandemien har endra folk sitt syn på arbeidspendling.

– Det handlar ikkje lenger om å sette seg i bilen og køyre i fleire timar. Det er rett og slett umoderne å tenke sånn.

Det er veldig uvanleg at ei vestlandskommune seier nei til vegar?

– Vi seier ikkje nei til vegar, men vi seier nei til eit bruprosjekt med kostnadar heilt ute av proporsjonar. Kven i alle dagar skal ha råd til å køyre denne vegen, seier Lindborg.

Naturvernforbundet: – Vi vil påverke innanfrå

Naturvernforbundet kjøper fem aksjar i Hordfast AS for 10.000 kroner.

– Dette er ei sympatierklæring til Bjørnafjorden kommune, seier leiar i Naturvernforbundet i Hordaland, Gabriel Fliflet.

Naturvernforbundet vil ved fyrste høve føreslå internt i selskapet at arbeidet blir lagt på is, og heller vurdere ein nasjonalpark i området.

NHO eig 100 av dei 143 aksjane i Hordfast AS. Resten er fordelt mellom ni kommunar, og næringsråda i Bergen, Stord, Bømlo, Haugaland og Stavanger.

– Vi har ikkje aksjefleirtal, men vil snakke fornuftig med dei som meiner noko anna, seier Fliflet.

Leiar i Naturvernforbundet i Hordaland, Gabriel Fliflet

LEIAR: Gabriel Fliflet i Naturvernforbundet i Hordaland.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

No får Naturvernforbundet ein lyttepost i selskapet.

– Vi forventar same informasjon som dei andre eigarane, seier Fliflet.

Kan kome til å nekte å godkjenne aksjehandelen

Dagleg leiar i Hordfast AS, Øyvind Halleraker, seier det er uvisst om dei andre aksjonærane vil godkjenne handelen. Selskapet har som føremål å få bygd E39 Hordfast.

– Dei seier dei gjer dette for å stoppe prosjektet. Styret og aksjonærar må godkjenne handelen, seier Halleraker.

Øyvind Halleraker i Hordfast AS på Sandvikvåg ferjekai

DAGLEG LEIAR: Øyvind Halleraker i Hordfast AS.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Halleraker seier det er «fullstendig misforstått» at tida har gått vekk frå Hordfast. Hordfast vil, saman med resten av ferjefri E39, kutte reisetida til to timar mellom Bergen og Stavanger.

– Vestlandet ligg mange år bak Austlandet. Det er snart to timar mellom Oslo og Lillehammer, det går fire og ein halv time mellom Bergen og Stavanger.

Regjeringa held fram planlegginga

Regjeringa har denne veka bestemt at Statens vegvesen skal jobbe saman med entreprenørar med å planlegge vegar. Selskapet Nye Veier gjer dette alt i dag.

Det er E39 Hordfast og E6 Fauske – Mørsvikbotn som er vald ut i fyrste omgang.

– Målet er å redusere utbyggingskostnadane, auke nytta og korte ned byggetida, seier samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF).

Hordfast trase F

FERJEFRI E39: Hordfast skal knyte Bergen og Stavanger tettare saman. Byggestart kan vere alt i 2024.

Foto: Statens Vegvesen