Hopp til innhold

«Plogging»: – Gir treninga ein heilt ny dimensjon

ÅSTVEIT (NRK): Eit internasjonalt fenomen som kombinerer jogging og plastplukking tar no av også i Noreg.

Heidi Gaustad Hølleland

TRENING MED DOBBEL MEINING: Heidi Gaustad Hølleland gjer meir enn å springe når ho er ute og trenar. – Viss alle plukkar med seg litt boss, blir det bra.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

– Dessverre finn eg ganske mykje. Det er overalt, litt her og litt der, seier Heidi Gaustad Hølleland.

Det er tidleg morgon, og bergensaren har knytt på seg joggeskoa. I lett jogg forsvinn ho bortover grusvegen, men plutseleg er det stopp.

– Eg «ploggar». Det vil seie at eg joggar, men plukkar med meg det bosset eg finn på vegen, forklarar Hølleland.

Starta i nabolandet

Det heile starta i Sverige for to år sidan. Sidan har fenomenet spreidd seg, og under emneknaggen «plogging» på Instagram (ekstern lenke) deler fleire tusen folk frå heile verda no dei nye treningsrutinane sine. Store amerikanske og engelske media omtala det som den store treningstrenden i 2018 (ekstern lenke).

– Ein får ein heilt annan dimensjon ved treninga. Når ein stoppar for å plukke boss kan ein jo samtidig ta knebøy. Og det bosset ein tek med seg gir ekstra vekt, seier Hølleland.

Sjå demonstrasjonsvideo her:

– Eg kan ikkje forstå dei som joggar eller går forbi boss som ligg og sleng. Eg har alltid ein pose i lomma slik at eg kan plukke det med meg, seier Henrik Dugstad.

Han har også lagt ut på joggetur med dobbel meining.

– Det er veldig bra med alle ryddeaksjonane som har vore i strandsona dei siste åra, men eg synest dei gløymer alt det som ligg langs vegane våre. For å få slutt på at folk kastar boss må det ei haldningsendring til, seier Dugstad.

Trur på trenden

I Naturvernforbundet applauderer dei den veksande trenden.

– Dette er ein positiv måte å gjere det vanleg og kvardagsleg å ta tilbake avfallet som hamnar i naturen. Det betyr mykje viss det blir gjort ofte av mange, seier dagleg leiar Nils Tore Skogland i Naturvernforbundet Hordaland.

Det kan ta opp til 20 år for ein handlepose og 450 år for ei plastflaske å verte broten ned i naturen. Men all plast blir til mikroplast, som er eit miljøproblem i seg sjølv.

Søppel plukka under plogging

STORFANGST: Etter ein kort joggetur har Heidi Gaustad Hølleland plukka med seg ein heil del boss.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

– Plast har ein så hard struktur at naturen ikkje klarer å bryte den ned på kort sikt. I tillegg inneheld den miljøgifter som ikkje høyrer heime i naturen, seier Skogland.

Han har tru på at trenden er komen for å bli.

– «Plogging» kan vere ein fin måte å få trening med meining på. Her får ein motivasjon til å gjere noko positivt, samtidig som ein får mykje aktivitet.

– Kunne du tenke deg å prøve det sjølv?

– Eg er nok meir ein turgåar enn joggar, men kanskje «plogging» kan gjere meg meir motivert, seier Skogland.

Nils Tore Skogland

POSITIV: Dagleg leiar i Naturvernforbundet Hordaland, Nils Tore Skogland, ønskjer den nye trenden hjarteleg velkomen. – Eg håpar mange kastar seg på og får trening med meining.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

Han får støtte frå Hølleland, som trur stadig fleire vil bli «biten av basillen».

– Nordmenn er gode på mange ting, og dei som brukar naturen ser behovet for plastplukking. Dette trur eg det vil bli meir og meir av.

– Det er litt som Abraham Lincoln sa: «Do good, feel good», seier Hølleland før ho spring heimover.