Natur og Ungdom vil ha cruisekrav

Natur og ungdom meiner det er heilt naudsynt å stille strenge miljøkrav til cruisenæringa i verdsarvfjordane. I ein rapport som Sjøfartsdirektoratet har bestilt kjem det fram at nye utsleppskrav kan føre til 250 millionar kroner i tapte inntekter for turistnæringa. Leiar Gaute Eiterjord seier at Verdsarvfjordane er så viktige at det må kome strengare miljøkrav likevel. – For å ta vare på naturen, som er grunnen til at folk vitjar fjordane, seier han.

Gaute Eiterjord er nestleder i Natur og Ungdom
Foto: Natur og Ungdom